Årets vinnar er 22 år gamle Thomas Hellen frå Halsnøy. Han har ein bachelorgrad om korleis FMC-teknologi
kan nyttast i havbruksnæringa. For tida skriv han masteroppgåve ved Universitetet i Stavanger,
der han studerer industriell økonomi.
Han fekk prisen på kr 35.000,- av Magne Heimvik på vegne av SKL og Stord Rotaryklubb.
-I dag har eg truleg den kjekkaste jobben på heile utdanningsmessa, sa Heimvik i talen sin.
I grunngjevinga for tildelinga nemnde Magne Heimvik fleire faktorar for tildeinga:
- Havbruksæringa er ei vekstnæring – spanande utsikter
- Viktig næring for regionen vår
- Teknologi og økonomi er ein god fagkombinasjon.