Tilsiget av vatn til Sunnhordland kraftlag sine vassmagasin går heilt som normalt på denne tida av året. Sjølv om prisen på straum er prega av låg fyllingsgrad i magasina generelt i regionen, ligg vasstanden som den pleier i SKL sine magasin.
– Faktisk er det sånn at Møsevatn og Midtbotnvatn, som høyrer til Blåfalli-anlegga våre i Kvinnherad og Etne kommuner, er fulle, og til og med renn litt over akkurat no. Dette skjer sjølv om det også i år har vore normal høg produksjon gjennom sommaren. Fleire har sikkert vore til fjells og sett dei tomme magasina i sommar, men det er altså naudsynt for å få plass til mest mogleg av vatnet som kjem no, forklarer Liv Kjersti Skartland, leiar for krafthandel i SKL.
– Det er i utgangspunktet ikkje eit scenario me ønskjer, at vatnet går i overløp. Det betyr at vatn som kunne blitt straum, renn over kanten. Samstundes er det noko som skjer kvart år når Folgefonna gir frå seg dei store mengda med vatn som den gjer akkurat på denne tida av året. Når vatnet renn over i Møsevatn og Midtbotnvatn, så renn det ned og blir fanga opp i Blådalsvatnet. Og frå Blådalsvatnet får me produsert straum av alt vatnet, forklarer Skartland.
Isbreen er den største årsaka til forskjellen i fyllingsgrad mellom SKL sine magasin og dei andre vassmagasina i prisområdet (NO2).
– Det er viktig å hugse på at alle vassdrag er ulike, og har forskjellige særtrekk. Sjølv i tørre år, får me godt tilsig av vatn frå Folgefonna til våre magasin, så dei blir som regel fylt sjølv om sommaren er tørr. Våre fulle magasin bidreg til å sikre kraftforsyninga i regionen gjennom vinteren. Sjølv om det aleine dessverre ikkje er nok til å få tilbake normale kraftprisar med det fyste, gjer det at regionen har kraft. Det er styresmaktene som tar avgjerdene om eventuell rasjonering, men vår vurdering er at det er svært låg risiko for at det blir rasjonering, avsluttar Skartland.

Møsvatn er eit av vatna med overløp av vatn i august 2022, grunna smelting av Folgefonna som ligg attmed.