SKL har fleire utviklings- og vedlikehaldsprosjekt på gang i Kvinnherad. Her finn de oppdateringar om arbeidet som er viktig for allmenn ferdsle.
Har de noko å melda i samband med våre prosjekt, send e-post til melding@skl.as
Blådalen
I samband med arbeid på dammane ved Staffivatn og Midtbotnvatn i Blådalsvassdraget, vil det foregå sprengningsarbeid i området kring dammane.
Det kjem også til å vera mykje anleggstrafikk innover Blådalsvegen, hovudsakleg mellom Fjellhaugen og Midtbotn.
Me ber besøkande om å visa omsyn til anleggstrafikk og følgja dei skilta og tilvisingane me set opp og som blir gitt.
Onarheim kraftverk ved Husnes / Bremstølsvatnet
I om lag to år framover må dei som skal til Bremstølsvatnet velja den sørlege stien til turmålet. I mai startar SKL å byggja Onarheim kraftverk ved Hellandselva som påverkar stien som ligg på nordsida av elva i arbeidsperioden.
I mai startar me med hogst i traséen der røyra til kraftverket skal ligga (røyrgata). Etter planen skal gravearbeid og klargjering for stasjonsbygget starta sommaren 2025.
Det er lokale entreprenørar som skal utføra grunn- og betongarbeidet, og det elektriske og mekaniske arbeidet ved stasjonen. Våren 2026 set Byggservice AS i gang med graving, og etter kvart boring, der inntaket til kraftverket skal ligga. Det skjer i elva nedanfor Bremstølsvatnet. Arbeidet er planlagt å halda fram heile 2026.
Onarheim kraftverk skal ligga i nærleiken av Husnes vassverk og tilførsla av kjølevatn til Hydro sitt anlegg. SKL har erfaring med å drifta kraftverk som ligg attmed forsyning av drikkevatn frå før, og har nært samarbeid med både kommunen og Hydro for å sikra alle omsyn undervegs. Kraftverket vil forsyna kraftnettet med ny fornybar straum tilsvarande bruken til over 1000 hushaldningar.
For spørsmål, kontakt prosjektleiar Jarle Kjellesvik: Tlf. 98 23 74 11 / Jarle.kjellesvik@skl.as

Kartet viser kor arbeidet skal gå føre seg. “Her står du” angir startpunktet på den nordlege ruta. Turgåarar blir anbefalt å velja turstien som går sør for elva, som startar med å kryssa frå nord til sør om elva ved vassverket.