Kraftverka

SKL produserer elektrisitet basert på vasskraft i 11 eigne moderne kraftverk, og som deleigar i andre kraftverk med ein samla installert effekt på 566 MW og årsproduksjon rundt 2.100 GWh.

Blåfalli Vik Kvinnherad kommune

Den nye og moderne kraftstasjonen stod ferdig i 2007, og er den største av stasjonane våre i Blådalsvassdraget. Blåfalli Vik har installert effekt på 230 MW og ein middel-årsproduksjon på 710 GWh. Stasjonen ligg like ved havnivå og nyttar tilsig frå heile nedbørsfeltet i Blådalsvassdraget, samt frå andre overføringar og reguleringar. Ved hjelp av magasin og regulering er det mogleg å utnytta og fordela vassmassane på ein tenleg måte over tid.

Blåfalli III-H Kvinnherad kommune

Sidan etableringa på slutten av 1960-talet har Blåfalli III verkeleg synleggjort at kraftstasjonane våre er anlegg med levedyktige og driftssikre konstruksjonar og komponentar. Stasjonen er utstyrt med to aggregat som har ein samla effekt på 100 MW, og oppnår ein årleg produksjon på 460 GWh. Blåfalli III blir tilført produksjonsvatn frå dei tre største og øvre magasina i Blådalsvassdraget, samt brevatn frå Blomstølsskardvatn.

Blåfalli III-L Kvinnherad kommune

Kraftverket vart sett i drift i 1976. Installert effekt er 5 MW, og årleg produksjon er 16 GWh.

Blåfalli IV Kvinnherad kommune

Kraftstasjonen vart sett i drift i 1981 og ligg øvst i Blådalsvassdraget. Stasjonen har installert effekt på 13 MW og oppnår ein årleg middel-produksjon på 70 GWh. Blåfalli IV produserer elektrisitet på vassmassar fra Møsevatn og Blomstølsskardvatn. Delar av Folgefonna er i direkte kontakt med begge desse vasskjeldene, slik at responstid i smeltevatn og endring i vasstand og -føring blir kort.

Blåfalli V Kvinnherad kommune

Kraftstasjon i Blådalsvassdraget med installert effekt på 8 MW og ein årleg middel-produksjon på 24 GWh.

Staffi Kvinnherad kommune

Kraftstasjon i Blådalsvassdraget med installert effekt på 4 MW og ein årleg middel-produksjon på 16 GWh.

Litledalen Etne kommune

Kraftstasjonen vart starta opp så tidleg som i 1920, og har vore påbygd og utvida i 1963 og 1985Installert effekt er 17MW og årleg middel-produksjon på 55GWh

Hardeland Etne kommune

Kraftsjonen er frå 1950, og har installert effekt på 42 MW. Middel-produksjonen er 123 GWh

Eikelandsosen Fusa kommune

Kraftstasjonen blei sett i drift i 1986, og vert forsynt med vatn frå Botnavatnet som ligg om lag 500 meter over havet. Stasjonen har installert effekt på 30 MW og oppnår ein årleg middel-produksjon på 80 GWh.

Børtveit Stord kommune

Kraftstasjon i sjøkanten på austsida av øya Stord, med installert effekt på 2 MW og ein årleg middel-produksjon på 8 GWh.

Lundsseter Stord kommune

Ein liten kraftstasjon i Stordafjellet som har ein installert effekt på 0,7 MW og ein årleg middel-produksjon på 2 GWh.

Sima Eidfjord kommune

Kraftverket vart sett i drift i 1980. SKL Produksjon AS disponerar 8,75 % av den installerte effekten på 1 120 MW og ein årleg middel-produksjon på 2 840 GWh.

Ulla Førre kraftanlegga

Kraftanlegga vart starta opp i 1982, og er det største vasskraftanlegget i Noge med ein middel-produksjon på 4.800 GWh pr år. SKL disponerer 2,54 % av den installerte effekten på 2.057 MW