
Lars Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk Klimastiftelse og John Martin Mjånes, adm direktør i SKL
Norsk klimastiftelse og fornybarsleskapet SKL har inngått en treårig samarbeidsavtale. – Verda er i rask endring og kunnskap om det som skjer er heilt avgjerande for å kunne henge med, seier adm. direktør i SKL, John Martin Mjånes.
– Samarbeidet med SKL styrkar Klimastiftelsens rolle som fri og uavhengig kunnskapsleverandør. Det er støtte som dette som gjer det økonomisk mogleg for oss å tilby offentlegheita gratis tilgang på rapportar, notat og analysar om det som skjer på klima- og energifeltet, seier dagleg leiar i Norsk klimastiftlese, Lars-Henrik Paarup Michelsen.
– Vi ønsker også å bruke partnarskapet med SKL til å få fram oppdatert kunnskap som er viktig for klimaet og energiomstillinga, seier han.
Eit tema som både Klimastiftelsen og SKL er oppteken av å forstå betre er «EUs grøne giv» og konsekvensar av denne nye sektorovergripande bærekraftsstrategien for Noreg og norsk kraftsektor.
– Kraftsektoren er ein av mange sektorar som vil endre seg mykje fram mot 2030 – ikkje minst på grunn av ein skjerpa klimapolitikk i Europa. Som vasskraftprodusent er det viktig å vere oppdatert på kva som skjer – ikkje minst med tanke på å sjå kva moglegheiter som ligg framfor oss. Klimastiftelsen er en uavhengig stiftelse med fokus på forskning som kan gi nyttige kunnskapsbidrag til bruk i arbeidet med å planlegge og forme framtida i vår sektor, seier Mjånes.
Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er ein vasskraftprodsent som eig og driv i dag i alt 20 heileigde kraftstasjonar og er deleigar i 15 andre kraftstasjonar med ei samla yting på 700 MW og ein produksjon på rundt 2,7 TWh i eit normalår. Norsk klimastiftelse er Noregs grøne tankesmie med hovudkontor i Bergen.
Den første samarbeidsavtalen mellom Norsk klimastiftelse og SKL blei inngått hausten 2016. Avtalen strekte seg fram til og med 2019.