Det grøne skiftet inneber at me treng meir fornybar energi. Kun halvparten av Norges totale energiforbruk kjem i dag frå fornybare kjelder. Resten kjem frå fossile kjelder. Om vi skal få alt over på fornybar energi, treng vi meir fornybar kraft. Her er vasskrafta svært sentral og unik.
- Slik skattesystemet er innretta i dag hindrar dette samfunnsøkonomiske gode vasskraftprosjekt. SKL har bygd kraftverk kontinuerleg sidan oppstarten i 1946, og vi har framleis meir potensiale i våre vassdrag. Slik skattesystemet er innretta no hindrar dette vidare utvikling av regulerbar vasskraft som vi treng i framtida seier John Martin Mjånes, adm. direktør i SKL.
Vasskrafta er for det meste eigd av fellesskapet gjennom kommunar, fylke og stat. Stor norsk vasskraft, vert belasta med grunnrenteskatt, ein tilleggsskatt som har tent landet godt. Det er semje om at vasskraft skal betala grunnrenteskatt, men utfordringa i dag er at ein ikkje får frådrag for relevante kostnader. Når skattesystemet er innretta slik vert gode samfunnsøkonomiske prosjekt ikkje lønnsame bedriftsøkonomisk.
- Vassdraga våre endrar seg over tid, det vert meir vatn, i tillegg endrar marknaden seg. Når me no skal oppgradera gamle kraftverk bør me optimalisera dei til det beste for selskapet, eigarar og Norge. Me treng derfor betre rammevilkår no, seier John Martin Mjånes.
Også Liv Kari Eskeland (H) som sit i energi og miljøkomiteen på Stortinget er samd:
- Vasskrafta er unik i den forstand at «batteria» allereie er etablert i dei oppdemde reservoara som ligg i fjellet. Mange kraftverk er no modne for rehabilitering/oppgradering og no har vi eit tidsvindu der det er avgjerande at vi får teke ut potensiale som ligg i allereie etablert infrastruktur. Dette vil ha minimale miljøkonsekvensar, og er såleis lågt hengande frukt for å kunne få teke ut meir fornybar energi. Dette handlar om å få meir fornybar kraft inn i energimiksen vår, det handlar om distriktsutvikling og verdifulle arbeidsplassar. I min posisjon på Stortinget er dette ei sak eg vil jobba for. No er det viktig å skape framtidsretta rammevilkår for vasskraft, seier stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland.
John Martin Mjånes og Liv Kari Eskeland
Adm. Direktør, SKL Stortingsrepresentant, Høgre