Ei moderne oppgradering av eit gammalt vasskraftsystem

Blåfalli Fjellhaugen nyttar vatnet frå øvre del av Blådalsvassdraget, med eit fall på 396 meter. Planlagt installert effekt er på 185 MW, og ei auke på om lag 70 GWh per år i vassdraget.

Prosjektet omfattar bygging av vassveg i tunnel med inntak i Midbotnvatn og utløp i Fjellhaugvatn. I tillegg er det planlagd tre inntak på tilløpstunnelen: to bekkeinntak, Kvanngrødhorga og Verahaugen, og inntak i det allereie regulerte Sandvatn. Det skal byggjast kraftstasjon i fjellet, søraust for Staffi kraftverk.  

Vatnet som i dag blir produsert frå Midtbotnvatn via Blådalsvatn til Fjellhaugvatn, vil i staden bli produsert i Blåfalli Fjellhaugen Kraftverk, direkte frå Midtbotnvatn til Fjellhaugvatn. 

Det skal drivast totalt 11 km tunnel i fjellet samt byggjast portalbygg på Staffi. Anleggsarbeida startar opp hausten 2025 og kraftverket skal vera klart til drift i 2029. 

Historisk

Konsesjonssøknaden blei sendt fyrste gong til NVE i oktober 2014 og NVE ga positiv innstilling til Olje- og Energidepartementet (OED) i november 2015. Prosjektet har stor verdi for det norske kraftsystemet, men oppdaterte berekningar viste at det ikkje var lønnsamt. Vidare handsaming i OED blei derfor sett på pause.

Etter endringar i dei økonomiske føresetnadane med endringar i grunnrenteskatten for vasskraft (2021), saman med eit stadig auka behov for effekt i kraftsystemet, ba SKL tidleg i 2022 om at handsaming av søknaden hos Energidepartementet skulle bli tatt opp igjen.

Grunna nye endringar i skattereglane blei oppdatert kunnskapsgrunnlag for prosjektet fyrst sendt til NVE våren 2023. 

4. april 2025 blei det i statsråd gitt løyve til at SKL kan byggja Blåfalli Fjellhaugen kraftverk.