SKL inviterer alle som er interesserte til eit generelt informasjonsmøte måndag 16. juni. Me har for tida fleire store utbyggings- og vedlikehaldsprosjekt på gang i Kvinnherad, som kan røra ved ved framkomelegheit og fotturisme i Blådalsvassdraget og ved Hellandselva ved Husnes.
Folk frå SKL fortel om aktiviteten i kommunen, framdrift og korleis besøkande til områda blir påverka. Det blir moglegheit til å stilla spørsmål. Me byr på noko til kaffen.
Dei som blir særskilt berørt av prosjekta (grunneigarar, sauelag, hytteeigarar) får invitasjon til eigne informasjonsmøte med meir detaljert info, seinare i sommar.
Tid: Måndag 16. juni kl.17-18.30
Stad: Dalheim i Omvikdalen, Fetvegen 124, Dimmelsvik






