Pressemelding:
Sunnhordland kraftlag har skrive under kontraktar med leverandørar og entreprenør som skal bygga Blåfalli Fjellhaugen kraftverk. Kraftverket blir det største som blir bygd i Noreg når bygginga kjem i gang i september. Det er også eitt av dei største som er bygd i landet dei siste 20 åra.
Kraftverket skal byggast i det allereie utbygde Blådalsvassdraget i Kvinnherad kommune. Det skal tilføra det norske kraftsystemet 185 nye megawatt med regulerbar vasskraft og aukar produksjonen med 70 GWh årleg.
– Dette er ein stor og viktig dag for SKL. Me har jobba jamt med å oppgradera og utvikla vasskraftanlegget i Blådalsvassdraget gjennom dei siste 25 åra. Me ser fram til å setja i gang med å byggja Blåfalli Fjellhaugen kraftverk saman med desse erfarne selskapa, seier John Martin Mjånes, administrerande direktør i SKL.
– Blåfalli Fjellhaugen kraftverk er eit prosjekt me har jobba med i godt over ti år. Me er glade for å få dyktige og drevne samarbeidspartnarar med på laget for å realisera dette kraftverket. Me har hatt godt samarbeid gjennom førebuingane og me gler oss til å ta fatt, seier Kjetil Heimvik, prosjektleiar for Blåfalli Fjellhaugen kraftverk.
Planlagd oppstart av prosjektet er i sluten av september. Då startar entreprenørselskapet Leonhard Nilsen og Sønner (LNS) med å driva tunnell der vatnet skal førast til stasjonen. LNS skal også bygga kraftstasjonen inne i fjell.
Driving av tunnell og bygging av kraftstasjon er planlagt å ta rundt to år og eit halvt år. Konecranes skal levera kran til maskinsalen. Turbinen til kraftverket blir levert av Aker Solutions. Lysaker og Thorrud, leverandør innan vasskraftkomponentar, skal levera mekaniske delar til vassvegen. Hitachi Energy står for transformatorleveranse med tilhørende SF6 fri 420kV GIS-system. Andritz Hydro leverer kontroll- og apparatanlegg for styring, overvaking og straumforsyning, og høgspenningssystem på generatorspenningsnivå. Norconsult har rådgivande tenester for planlegging og prosjektering av kraftverket. Nokre leverandørar gjenstår det framleis å forhandla ferdig avtalar med.
Blåfalli Fjellhaugen nyttar vatn frå allereie regulerte vatn i vassdraget og bidrar til å forbetra reguleringsevna i dei andre kraftverka i Blåfalli-anlegget. Med Blåfalli Fjellhaugen kraftverk blir samla installert effekt i Blådalsvassdraget om lag 550 MW. Samla energiproduksjon i vassdraget blir om lag 1,7 TWh. Det tilsvarar det gjennomsnittlege straumforbruket til over 100 000 hushaldningar. Planlagt byggatid er om lag fire år, med idriftssetjing mot slutten av 2029.
Om Blåfalli Fjellhaugen kraftverk
Kraftverket får inntak i Midtbotnvatn og utløp i Fjellhaugvatn – begge eksisterande reguleringsmagasin. Det blir òg tatt inn vatn frå Sandvatn og frå bekkeinntaka Kvanngrøhorga og Verahaugen. Kraftstasjonen vert bygd i fjell med tilkomst like ved Staffi kraftverk. Vatnet blir ført gjennom tunnellar under bakken.
Prosjektet blei første gong søkt konsesjon for i 2014, men blei lagt på is før oppdatert konsesjonssøknad blei sendt til myndigheitene i 2023.
På bildet:
Frå venstre: Jarle Berg-Oksfjellelv, Jonas Tetlie og Dag Brox frå Leonhard Nilsen og Sønner, Steinar Faanes frå Lysaker og Thorrud, John Martin Mjånes og Kjetil Heimvik frå Sunnhordland kraftlag, Andreas Rosvold, Christer Olerud og Geir Torbergsen frå Hitachi Energy, Guro Knapstad og Tor Sigurd Brønn frå Aker Solutions, og Jens Björk frå Konecranes. Foto: Peter Tubaas.






