Bremstølen

Viktig om pågåande arbeid i Kvinnherad

SKL har fleire utviklings- og vedlikehaldsprosjekt på gang i Kvinnherad. Her finn de oppdateringar om arbeidet som er viktig for allmenn ferdsle.

Oppdatert 31. juli 2026

Har de noko å melda i samband med våre prosjekt, send e-post til melding@skl.as


Blådalsvassdraget

NB! Ekstra redusert framkome i Blådalsvassdraget helga 6.-9. august

6.-9. august blir ein stor komponent til Båfalli Fjellhaugen kraftverk levert. I praksis blir det ikkje mogleg å passera med bil i Blådalsvegen store delar av desse dagane.

Ver førebudd på at vegen kan bli heilt stengt av i periodar. Nærmare detaljar rundt tidspunkt kjem i starten av same veke.


Blådalsvegen er open for sommaren.Trafikantar må likevel framleis rekna med redusert framkome og mellombelse reguleringar:

  • pågåande trafikksikringstiltak gjer at ein kan risikera å måtte venta 40 minutt på pågåande arbeidsoperasjonar før ein kan køyra vidare, mellom Fjellhaugvatn og avkøyrsel til Vetrhus til og med 4. august
  • fartsavgrensingar på 30 km/t. i heile Blådalsvassdraget
  • begrensa høgde på køyretøy på maks. 2 meter, ved bom frå Urheimsreset (mellom Fjellhaugvatn og Staffivatn)
  • I enkelte periodar kan vegen bli heilt stengd i inntil eitt døgn i samband med særskilde anleggsoperasjonar eller risiko. Eventuelle stengingar vil bli varsla så langt det er mogleg på SKL si heimeside og med skilting ved bommen.
  • Vegen til Vetrhus er stengd for innkøyring.

Alle som ferdast i området blir oppmoda til å følga skilting og anvisingar, og unngå unødvendig ferdsel. Det er smale vegar og mykje tung anleggstrafikk som ferdast på vegen.

Avgrensingane blir gjort på grunn av omfattande anleggsverksemd med tiløhyrande tryggleiksrisiko, knytt til bygging av Blåfalli Fjellhaugen kraftverk. I tillegg kjem fleire aktørar, som Fagne og Statnett, til å starta opp eigne, større anleggsoperasjonar i same området i løpet av våren 2026.

Sjå her for meir detaljar om utbygginga av Blåfalli Fjellhaugen kraftverk og kontaktpunkt for næringsdrivande som treng tilgang gjennom høgdebommen.

Onarheim kraftverk ved Husnes / Bremstølsvatnet

SKL starta å bygga Onarheim kraftverk ved Hellandselva i mai 2025. Arbeidet påverkar stien som ligg på nordsida av elva i arbeidsperioden.

Mykje av røyra som ligg i bakken opp til boreholet er lagt, og arbeidet med å bygga kraftstasjonen er i gang. Etter sommarferien skal turbinen monterast, og det blir oppstart på tømmerarbeidet for overbygget.

Da fortset også arbeidet på inntaket. Tunellboringsselskapet Norhard startar med boring i midten av august.

Det er lokale entreprenørar som utfører grunn- og betongarbeidet, tømrerarbeidet, og det elektriske og mekaniske arbeidet ved stasjonen.

I mai sette Byggservice AS i gang med graving der inntaket til kraftverket skal ligga, i elva nedanfor Bremstølsvatnet. Arbeidsområdet rundt inntaket er gjerda inn og ferdsel i anleggsområdet er ikkje tillate. Arbeidet er planlagt å halda fram heile 2026.

Onarheim kraftverk skal ligga i nærleiken av Husnes vassverk og tilførsla av kjølevatn til Hydro sitt anlegg. SKL har erfaring med å drifta kraftverk som ligg attmed forsyning av drikkevatn frå før, og har nært samarbeid med både kommunen og Hydro for å sikra alle omsyn undervegs.

Kraftverket vil forsyna kraftnettet med ny fornybar straum tilsvarande bruken til over 1000 hushaldningar.

For spørsmål, kontakt prosjektleiar Jarle Kjellesvik: Tlf. 98 23 74 11 / Jarle.kjellesvik@skl.as

Kartet viser kor arbeidet skal gå føre seg. “Her står du” angir startpunktet på den nordlege ruta.