Sunnhordland Kraftlag (SKL) har vedtatt å byggja Blåfalli Fjellhaugen kraftverk i Kvinnherad kommune. Det nye effektkraftverket vil tilføra kraftsystemet nye 185 MW regulerbar vasskraft og styrka evna til å jamna ut prisvariasjonar i Sør-Noreg.
Blåfalli Fjellhaugen blir eitt av dei største vasskraftverka som er bygd i Noreg sidan SKL ferdigstilte Blåfalli Vik i same vassdrag i 2007. Med dette kraftverket har samla installert effekt i Blådalsvassdraget auka frå om lag 200 MW i år 2000 til over 550 MW. Kraftverket Blåfalli Fjellhaugen styrkjer ikkje berre SKL si produksjonsevne, men forbetrar òg reguleringsevna i andre kraftverk i vassdraget.
Gjennom dei siste 25 åra har SKL gjort målretta investeringar for å nytta vatnet i Blådalsvassdraget og eksisterande magasin mest mogleg effektivt. Med Blåfalli Fjellhaugen aukar årleg energiproduksjon med 70 GWh, til totalt om lag 1,7 TWh regulerbar vasskraft – ein auke på om lag 30 % sidan år 2000. Totalt vil produksjonen i vassdraget tilsvara det gjennomsnittlege straumforbruket til over 100 000 hushaldningar, når Blåfalli Fjellhaugen står ferdig.
– Samfunnet treng meir energi, og treng det særleg når etterspurnaden er størst. SKL har over lang tid henta ut meir energi og effekt frå utbygde vassdrag. Blåfalli Fjellhaugen er eit nytt døme på dette. Me har hatt gode prosessar med Kvinnherad kommune, NVE og Energidepartementet, og ser fram til å realisera prosjektet i hjartet av våre produksjonsanlegg i Kvinnherad, seier John Martin Mjånes, administrerande direktør i SKL.
Lang prosess og varierande rammevilkår
Prosjektet blei første gong søkt konsesjon for i 2014, men måtte leggjast på is grunna krevjande økonomi. Endringar i grunnrenteskatten i 2021 gjorde prosjektet aktuelt igjen, men innføringa av høgprisbidraget hausten 2022 gjorde det umogleg å realisera. Då politikarane gav tydelege signal om at ordninga ville bli fjerna, sende SKL oppdatert søknad i 2023.
– I motsetnad til kva mange kanskje trur, er ny stor vasskraft kostbart å byggja og er krevjande for utbyggjar å gjera lønsam. Dette sjølv om prosjekta gir verdi for både kraftsystemet og straumkundane, som Blåfalli Fjellhaugen. Me gjennomfører difor denne investeringa med ei klår forventning om føreseielege rammevilkår og at det ikkje kjem nye, brå grep som svekkjer lønsemd i prosjekt samfunnet treng, understrekar Mjånes.
Om prosjektet
Kraftverket får inntak i Midtbotnvatn og utløp i Fjellhaugvatn – begge eksisterande reguleringsmagasin. Det blir òg tatt inn vatn frå Sandvatn og frå bekkeinntaka Kvanngrøhorga og Verahaugen. Kraftstasjonen vert bygd i fjell med tilkomst like ved Staffi kraftverk. Vatnet blir ført gjennom tunnellar under bakken.