Pressemelding:
SKL kjøper 50% av Solvind Prosjekt AS som utviklar og driftar fleire nærvindanlegg på sørvestlandet. Solvind AS beheld 50% eigardel i selskapet. Det gjer selskapet 100% prosent norskeigd. Oppkjøpet er del av den opprinnelege vasskraftprodusenten SKL si satsing innan vindkraft.
– Skal næringslivet i regionen kunna halda fram å utvikla seg og veksa, treng me å utvikla meir fornybar kraftproduksjon. I SKL trur me vindkraft på land må bli ein større del av den totale kraftproduksjonen. Ved å gå inn i Solvind no investerer me i ein lokal aktør med ei spennande historie. Me knyttar solid kompetanse på landanlegg for vindkraft tettare til SKL, og styrkar vår kapasitet både til å utvikla nye prosjekt og drifta dei anlegga me allereie har, seier Kjetil Harestad, leiar for avdeling for strategi, ny fornybar og eigarskap i SKL.
SKL kjøpte 95% av Midtfjellet Vindkraft på Fitjar i 2024, og i fjor kjøpte selskapet vindkraftanlegga Storøy og Gismarvik på Haugalandet fra Aventron. Storøy og Gismarvik er utvikla og bygd av Solvind Prosjekt, som skal fortsetja å drifta vindkraftanlegga, i tillegg til å utvikla nye moglegheitar innan nærvind.
– Me gler oss veldig over å få SKL inn som nye deleigarar og opplever at me passar utmerka saman. Dette blir eit nytt og spennande kapittel i Solvind si historie å få ein så erfaren og lokal forankra partnar med på laget. Det er noko me har ønskt oss i lang tid, seier Bjørn Hjertenes, dagleg leiar og gründer av Solvind.
Hjertenes og med-gründer Jan Thiessen har over 20 års erfaring med å utvikla og drifta vindkraft i Solvind. Selskapet skal behalda fokus på nærvindprosjekt som nyttar eksisterande infrastruktur og område som allereie er tatt i bruk.
– Det er viktig for oss å jobba fram prosjekta våre i samarbeid med og for samfunnet, og at me jobbar ansvarleg, langsiktig og berekraftig. Våre prosjekt skal bidra til synleg lokal verdiskaping og bygga opp under omstillinga til fornybar energi, seier Hjertenes.
– Me er svært fornøgde med å gå inn i Solvind og kunna spilla vidare på det gode samarbeidet me allereie har. Bjørn Hjertenes og Jan Thiessen har vist fleire gongar gjennom Solvind at dei greier å ta vindkraftprosjekt frå idèstadiet til ferdig utbygd anlegg; frå utvikling fram til drift av gode fornybarprosjekt, seier Kjetil Harestad.
Fakta om Solvind Prosjekt AS
- Grunnlagt i 2007 av Bjørn Hjertenes og Jan Thiessen på Jørpeland/Ryfylke. Har no base på Rennesøy i Stavanger kommune.
- Spesialiserer seg på nærvind og driftar vindkraftanlegg på Utsira, Karmøy, Tysvær og i Åsen.
- Har realisert 20 MW med vindkraft og overtok vindturbinane på Utsira i 2011. Anlegga produserer rundt 65 GWh i året.
- Med nærvind meinast mindre, areale`ektive vindkraftprosjekt knytt til eksisterande infrastruktur, industri- og kulturlandskap og andre allereie påvirka område.
Fakta om SKL
- Eit konsern innan produksjon og utvikling av fornybar kraft.
- Kraftproduksjon i all hovudsak i Vestland og Rogaland fylke.
- Hovuddelen av produksjonen og driftsmiljøet er lokalisert i Matre i Kvinnherad kommune, der fleire kraftverk er knytt til vassressursane i Blådalsvassdraget.
- SKL har og ein driftsavdeling i Litledalen i Etne kommune knytt til Litledalsvassdraget.
- Eig og driftar i tillegg Eikelandsosen kraftverk i Bjørnafjorden, Rødne Kraftverk i Vindafjord, Bordalsbekken i Tysvær og to mindre stasjonar på Stord.
- Medeigar i Sima kraftverka (8.75%) i Eidfjord og Ulla Førre kraftverka (2,54%) i Rogaland og Aust-Agder.
- Midlare årleg produksjon 3,25 TWh
- SKL eig 95 % av Midtfjellet Vindkraft, der andelen av den totale forventa produksjonen er 402 GWh. Ved utgangen av 2025 kjøpte SKL vindkraftanlegga Gismarvik og Storøy i Rogaland med produksjon på hvv. 35 og 22 GWh.
- Eig 13 eigne småkraftverk, og fleire som datterselskap og tilknytta selskap
- Driftssentralen som styrer produksjonen ligg på Stord, saman med selskapet sitt hovudkontor
