PRESSEMELDING 31.08 2026:
Sunnhordland kraftlag (SKL) sitt resultat frå første halvår i 2026 viser eit driftsresultat på 363,1 mill. kroner etter skatt. Tilsvarande resultat for 2025 var 291,8 mill. kroner.
– Me har god grunn til å vera fornøgde med halvårsresultatet. Det sterke resultatet heng sjølvsagt saman med høge prisar i marknaden, men hadde ikkje vore mogleg utan kompetente tilsette som kvar dag står på for at anlegga våre skal kunna produsera kraft når samfunnet har behov for det, seier John Martin Mjånes, administrerande direktør i SKL.
Fleire store utbyggings- og vedlikehaldsprosjekt
SKL har fleire store prosjekt på gang. Utbygginga av Blåfalli Fjellhaugen kraftverk i Kvinnherad starta om lag eitt år tilbake. Kraftverket utnyttar allereie eksisterande reguleringar og skal få ein installert effekt på 185 MW, og gi cirka 70 GWh ny produksjon årleg.
– Blåfalli Fjellhaugen er utan tvil det største utbyggingsprosjektet SKL har no. I tillegg til å gi meir fornybar kraft, blir kraftverket nyttig for å styra produksjonen i heile vassdraget betre. Det er mange tilsette, hovudentreprenør og underleverandørar som jobbar døgnet rundt for å få på plass kraftverket inne i fjellet. For tida held dei på å ta ut kraftstasjonshall og vassvegstunnelar, seier Mjånes.
Kraftverket vil etter planen komma i drift i 2029. I tillegg held SKL på å bygga Onarheim kraftverk ved Husnes i Kvinnherad, som skal få ein årleg produksjon på 18 GWh. I Etne kommune er Tøsse kraftverk under bygging, som skal gi 15 GWh årleg. I tillegg blir tre småkraftverk i bygd i Rullestad, i samarbeid med Småkraft AS.
God produksjon og høge gjennomsnittsprisar
SKL har produsert 1 048 GWh første halvår, mot 1 306 GWh for tilsvarande periode i 2025.
Vindkraftproduksjonen i SKL sine tre vindkraftanlegg blei 219 GWh første halvår, som er 29 GWh under forventa produksjon. Årsaken er i hovudsak mindre vind enn forventa i starten av året. I første halvår 2026 har kraftmarknaden i Noreg vore prega av lågare tilsig enn normalt, som har gitt låge magasinnivå generelt, også i SKL sine magasin.
I kombinasjon med internasjonal uro og høge gassprisar, har det gitt eit halvår med høge kraftprisar. Gjennomsnittsprisen var 111,8 øre/kWh i prisområdet NO2, som er prisområdet SKL har det meste av produksjonen i. Tilsvarande pris for første halvår i fjor, var 72,9 øre/kWh.
Sjå mediearkivet for fullstendig halvårsrekneskap og -rapport.