Pressemelding:
Sunnhordland kraftlag (SKL) sin halvårsrapport viser eit halvårsresultat på 291,8 millionar kroner etter skatt for første del av 2025. I fjor var tilsvarande resultat på 232,2 millionar kroner.
– Dette er eit godt halvårsresultat og det kjem i stor grad som følgje av innsatsen frå dei tilsette. Dei sørger for at anlegga våre har høg oppetid og at dei har vore tilgjengelege når behovet er der. Det betyr at me har kunne produsera kraft når samfunnet treng det mest, seier John Martin Mjånes, administrerande direktør i SKL.
Store prisvariasjonar har prega kraftmarknaden i Noreg i første halvdel av 2025, både mellom og innanfor dei ulike prisområda. SKL møter situasjonen gjennom korleis dei eksisterande kraftverka blir drifta og gjennom investeringane i ny produksjon.
– Me har høg aktivitet i heile selskapet. Me jobbar aktivt med å drifta og utvikla den produksjonen me allereie har, samtidig som me jobbar langsiktig og strategisk for å auka kraftproduksjonen framover. Behovet for meir fornybar kraft er stort dei kommande åra, seier Mjånes.
Det er gjort ny- og reinvesteringar i driftsmidlar med 121,0 mill. kroner første halvår. 32,3 mill. kroner av investeringane er knytt til nye kraftverk som er under utvikling, mellom anna Blåfalli Fjellhaugen kraftverk i Blådalsvassdraget i Kvinnherad, Onarheim kraftverk på Husnes i Kvinnherad og Tøsse kraftverk på Eikemo i Etne.
I juni vedtok SKL å gå for Blåfalli Fjellhaugen-prosjektet. Kraftverket kjem til å utnytta vatnet i Blådalsvassdraget på ein betre måte. Det er eit såkalla effektprosjekt med 185 MW installert effekt, samtidig som det årleg gir 70 GWh ny energi. Det er venta at bygginga startar i slutten av september 2025 og at det kjem i drift i 2029.
I tillegg held SKL på med oppgraderingar ved Dam Midtbotnvatn, Staffivatn og Blåfalli 3 kraftverk i same vassdraget. I Etne kommune er bygginga av to nye småkraftverk i Litledalen og Hardeland i sluttfasen, og tre småkraftverk er under bygging i Rullestad.
Mengda kraft produsert i SKL AS sine anlegg første halvår 2025 er omtrent like mykje som det gjennomsnittlege forbruket til 80 000 hushaldningar; totalt 1 306 GWh. Tilsvarande periode i 2024 var produksjonen 1 026 GWh. Produksjonen ved Midtfjellet Vindkraft var 173 GWh. Snittprisen i prisområdet SKL har mesteparten av straumproduksjonen, NO2, var 72,9 øre/kWh, medan i tilsvarande periode i 2024 var den 62,9 øre/kWh.






