Sunnhordland kraftlag (SKL) og hovudentreprenør Leonhard Nilsen & Sønner (LNS) har starta den største vasskraftutbygginga som finn stad i Noreg no: Blåfalli Fjellhaugen kraftverk, i Blådalsvassdraget, Kvinnherad kommune.
Måndag 3. november markerte SKL og LNS oppstarten med ordførar i Kvinnherad kommune, Vegard Bjørnevik, som fekk skyta av ei salve. Utbygginga nyttar eksisterande reguleringar i vassdraget og er den største investeringa i SKL si historie. Kraftverket blir det nest-største til selskapet, etter Blåfalli Vik i same vassdrag.
– Dette er ein stor dag for SKL, me har arbeidd lenge for å kunne starta dette prosjektet, og endeleg er me i gang. Dette er eit veldig godt prosjekt, det gir meir kraft, det gir relativt lite belastning på miljøet, sidan det er i eksisterande vassdrag, og det gir meir effekt, seier John Martin Mjånes, administrerande direktør i SKL.
Blåfalli Fjellhaugen kraftverk vil gi betre utnytting av produksjonen av fornybar energi i dei eksisterande kraftverka i Blåfalli-anlegget. Kraftverket er eit effektkraftverk og skal gi 185 nye megawatt (MW) i effekt. Det gir også ei auke på om lag 70 GWh per år. Samla årleg produksjon i Blåfalli blir over 1,6 TWh, som tilsvarar gjennomsnittsforbruket til nesten 100 000 husstandar.
– Dette er spennande for alle i prosjektet og i SKL. Det markerer byrjinga på ei av dei største investeringane innan vasskraft på fleire år. Dei neste fem åra blir det høg aktivitet i området og me forventar store ringverknadar lokalt. Samtidig må ein vera merksam på at det vil påverka vegsystemet og tilgjenge lenger opp i vassdraget og dei som ferdast i området må i større grad vera aktsam for anleggsdrifta, seier Kjetil Heimvik, prosjektleiar for Blåfalli Fjellhaugen kraftverk i SKL.
Hovudentreprenør LNS er no i gang med å driva tunnel for vassveg, og i fjellet der kraftstasjonen skal ligga.
– Me i LNS er veldig fornøyde med å no vera i gang med tunneldrivinga ved Blåfalli Fjellhaugen. Vi har blitt tatt veldig godt imot lokalt og gleder oss til fortsetjinga, seier Jonas Tetlie, administrerande direktør i LNS.
Utbygginga omfattar bygging av vassveg i tunnel med inntak i Midtbotnvatn og utløp i Fjellhaugvatn. Tre inntak er i tillegg planlagde på vasstunnelen: to bekkeinntak, Kvanngrødhorga og Verahaugen, og eitt i det allereie regulerte Sandvatn.
Anleggsperioden varer fram til 2029, da kraftverket er estimert å vera klart til prøvedrift.




