Prosjektet omfattar bygging av vassveg i tunnel med inntak i Midbotnvatn og utløp i Fjellhaugvatn. I tillegg er det planlagd tre inntak på tilløpstunnelen: to bekkeinntak, Kvanngrødhorga og Verahaugen, og inntak i det allereie regulerte Sandvatn. Det skal byggjast kraftstasjon i fjellet, søraust for Staffi kraftverk.
Vatnet som i dag blir produsert frå Midtbotnvatn via Blådalsvatn til Fjellhaugvatn, vil i staden bli produsert i Blåfalli Fjellhaugen Kraftverk, direkte frå Midtbotnvatn til Fjellhaugvatn.
Det skal drivast totalt 11 km tunnel i fjellet samt byggjast portalbygg på Staffi. Anleggsarbeida startar opp hausten 2025 og kraftverket skal vera klart til drift i 2029.

Historisk
Konsesjonssøknaden blei sendt fyrste gong til NVE i oktober 2014 og NVE ga positiv innstilling til Olje- og Energidepartementet (OED) i november 2015. Prosjektet har stor verdi for det norske kraftsystemet, men oppdaterte berekningar viste at det ikkje var lønnsamt. Vidare handsaming i OED blei derfor sett på pause.
Etter endringar i dei økonomiske føresetnadane med endringar i grunnrenteskatten for vasskraft (2021), saman med eit stadig auka behov for effekt i kraftsystemet, ba SKL tidleg i 2022 om at handsaming av søknaden hos Energidepartementet skulle bli tatt opp igjen.
Grunna nye endringar i skattereglane blei oppdatert kunnskapsgrunnlag for prosjektet fyrst sendt til NVE våren 2023.
4. april 2025 blei det i statsråd gitt løyve til at SKL kan byggja Blåfalli Fjellhaugen kraftverk.