Sunnhordland kraftlag (SKL) søker ein byggingeniør som vil jobba med utbyggings- og rehabiliteringsprosjekt innan vasskraft, og som på sikt skal ta rolla som vassdragsteknisk ansvarleg (VTA). SKL er i gang med eit av dei største utbyggingsprosjekta i Noreg innan vasskraft, Blåfalli Fjellhaugen kraftverk. Du får ein sentral plass i eit høgt kompetent prosjektmiljø.
I starten vil hovudvekta liggja på prosjektarbeid, med byggeleiing og oppfølging av entreprenørar. Parallelt får du opplæring og tett oppfølging i SKL si VTA-gruppe, slik at du byggjer opp den erfaringa som trengst for å bli godkjent VTA av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Arbeidsoppgåver i prosjekt
- Byggeleiing på entreprisekontraktar innan grunnarbeid (tunnel) og betongarbeid
- Oppfølging av entreprenør når det gjeld sikkerheit, kvalitet og spesifikasjonar i samsvar med kontrakt (NS 8405/8406/8407)
- Bistå prosjektleiar med kontraktsoppfølging, målebrev, kvalitetsdokumentasjon og endringshandtering jf NS3420 Beskrivelsestekstar
- Koordinering mot tilgrensande fagområde, og fagleg støtte til tekniske løysingar
- Delta i prosjekt- og byggemøte
Arbeidsoppgåver VTA (gradvis opptrapping)
- Følga opp lovpålagde krav i damsikkerheitsforskrifta og pålegg frå NVE
- Halda internkontrollsystemet for vassdragsanlegg oppdatert
- Sjå til at SKL etterlever krav til planlegging, prosjektering, bygging og revurdering av anlegga
- Delta i vedlikehalds- og rehabiliteringsprosjekt på dammar og vassvegar
Som godkjent VTA vil du ha fagansvar for eksisterande vasskraftanlegg, anlegg under utvikling og bygging, samt inngå i SKL si VTA-gruppe.
Me ser etter deg som
- Har minimum bachelor ingeniør innan byggfag med fag som betongfag, statikk, geologi, geoteknikk eller konstruksjonsteknikk.
- Har erfaring frå entreprenør-, rådgjevar- eller byggherreverksemd
- Kjenner til og har brukt Norsk Standard i kontraktsarbeid
- Har interesse for vasskraft, damsikkerheit og omstillinga i energisektoren
- Ønskjer å utvikla deg mot VTA rolla. Det er ein fordel om du allereie er godkjent VTA, men det er ikkje eit krav
- Beherskar norsk flytande, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du jobbar sjølvstendig, systematisk og strukturert, med høge krav til orden
- Du trivst med ansvar og set pris på ein arbeidsdag i fjellet
- Du har høg etisk standard og legg vekt på SKL sine verdiar og retningslinjer
Hos oss får du
- Ein meiningsfylt jobb i eit samla og sterkt team som jobbar på tvers av faggrupper
- Ein viktig rolle i gjennomføringa av fleire store vasskraftprosjekt
- Ein tydeleg utviklingsveg mot VTA, med opplæring og fagleg oppfølging
- Konkurransedyktige vilkår, fleksibel arbeidsordning og gode personal- og velferdsordningar
Praktisk informasjon
Arbeidsstad: Leirvik (Stord)
Søknadsfrist: 3. desember
Spørsmål om stillinga: Kjetil Heimvik, avdelingsleiar vasskraft utvikling, tlf: 97556052, epost: kjetil.heimvik@skl.as
SKL verdset eit arbeidsmiljø der menneske med ulik bakgrunn, kulturell forståing og funksjonsvariasjon kan bidra til innovasjon, vekst og verdiskaping. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja.
Det blir utført bakgrunnssjekk i samsvar med kraftberedskapsforskrifta på den som blir tilbydd stillinga.