Pressemelding:
Onsdag 6. mai markerte Sunnhordland kraftlag (SKL) at det nye Løkjelsvatn kraftverk i Etne kommune er i drift.
– Dette er ein dag me har sett fram til, om enn litt lengre enn me hadde tenkt til, introduserte administrerande direktør i SKL, John Martin Mjånes, i si opningstale. Han fortalte at utbyggingsprosjektet har tatt lengre tid enn planlagt, grunna utfordringar
undervegs.
– Det var veldig liten forskjell på geologi og teologi ein periode, smilte Mjånes.
70 gjestar var inviterte til markeringa i maskinsalen til kraftverket, som ligg 1600 meter inn i fjellet. Energiministar, Terje Aasland, gratulerte SKL og hadde æra av å klippa snora
og erklæra kraftverket for opna.
– Det flottaste her er at de forenar det vasskrafta skal: natur- og miljøomsyn. Det er ei heilheitleg verdikjede dette kraftverket tar vare på, og det er eg veldig glad for å få vera med på å opna, sa energiministaren.
Løkjelsvatn kraftverk er spesielt fordi det er bygd ut i eit verna vassdrag, som også er eit nasjonalt laksevassdrag. Den kontrollerte vassføringa etter utbygginga sikrar laksen tre gongar så mykje vatn som det ville ha vore i elva i spesielt tørre periodar, med naturleg vassføring.
SKL fekk konsesjon til å bygga kraftverket i 2018. Prosjektet er del av ei større oppgradering av kraftproduksjonen i Etnevassdraget. Nærmast utan nye synlege inngrep, utan nye reguleringar og utan å ta i bruk nytt vatn, aukar kraftverket produksjonen av fornybar kraft i vassdraget med 10% og doblar effekten til 60 MW. Med Løkjelsvatn kraftverk og dei andre oppgraderingane, har SKL investert 850 millionar kroner i kraftproduksjonen i vassdraget.
– Me har lært mykje. No har me eit kraftverk for framtida, erklærte Mjånes fornøgd.






