Våre kraftverk
Produksjonsresultat i 2025.


Er du vår nye kollega?
Kraftstasjonane våre utnyttar så mykje som 90 prosent av råenergien i vatnet, og er den reinaste krafta du kan få. Til samanlikning greier eit kolfyrt varmekraftverk berre å utnytta knapt 50 prosent av energien i kolet.

Arbeidskulturen vår
SKL skal vera ein trygg og helsefremjande arbeidsplass for eigne tilsette, innleigd personell og omgivnadane våre. Gjennom å systematisk utvikla HMS-kultur og -system går me lengre enn berre risikohandtering; me legg aktivt til rette for eit motiverande arbeidsmiljø prega av meistring og utvikling. At mange vel å bygga lange karrierar hos oss, tar me som eit teikn på at arbeidet i SKL blir opplevd som meiningsfullt.
SKL jobbar aktivt med aktsemdsvurderingar av menneskerettar, likeverd og anstendige arbeidsforhold internt i selskapet, og i relasjon til våre forretningspartnarar. Dette inneber systematisk kartlegging og vurdering av risiko for uakseptable arbeidsforhold, i tillegg til implementering av tiltak for å følgja opp eventuelle identifiserte risikoområde.
