Samfunnsansvar i SKL

Samfunnsansvar og berekraft

For SKL er det viktig å gi tilbake frå drifta vår, og produksjonen av fornybar kraft. Me skal etterlata minst mogleg fotavtrykk og bidra så godt me kan til å legga til rette for komande generasjonar.

For ei berekraftig framtid

Dagleg ser me energipotensialet rundt oss, anten det dreiar seg om vind, vatn eller sol. Moderne liv krev meir energi enn nokon gong før. For å møte denne etterspurnaden er det vesentleg å utnytta desse ressursane på ein god måte – utan å mista heilskapen av syne.

Kor skal framtidas energi koma frå? Vasskraft er per i dag den energiforma me kjenner til som gir minst utslepp til luft og atmosfære. Ein moderne kraftstasjon utnyttar i dag over 90 % av energien i regnvatnet. Til samanlikning utnyttar bilane i dag berre rundt 30 % av energien i bensinen.

Vasskraft er ein stor del av norsk energiforsyning, og utgjer 99 % av kraftproduksjonen i Noreg.

SKL har ei samfunnsrolle som me i selskapet tar på alvor. Me skal levera stabil og sikker forsyning av fornybar energi, og skapa verdiar som kjem lokalsamfunnet til gode.

Arbeid i Fjellhaugsvatnet

Utgreiing for aktsemdvurdering
– Åpenhetslova

Åpenhetsloven trådde i kraft 01.07.2022 og gjeld for SKL. Lova skal fremja verksemder sin respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, og sikra ålmenta tilgang til informasjon om korleis selskapet handterer negative konsekvensar for menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Lova pålegg selskapet ei plikt til å gjennomføra aktsemdvurderingar som verksemda skal redegjera for i ein rapport. Rapporten skal oppdaterast og offentliggjerast på SKL si heimeside, innan 30. juni kvart år. Styret vedtok gjeldande utgreiing 8.juni 2022.

Einkvar har rett på svar på skriftleg førespurnad om korleis me arbeidar med krava i Åpenhetsloven, aktsemdvurderingar og handtering av eventuelle negative arbeidstilhøve.

Tett på lokalsamfunna

SKL ynskjer å gjere regionen vår, og ikkje minst dei vertskommunane der me er representerte, til gode stader å vakse opp og bu i. Stikkordet framfor alt er barn og ungdom.

Me forsøker å bruke dei midlane me har til arbeid med barn, unge og oppvekstvilkår, til dømes gjennom idrett, kultur og gode opplevingar som kan bidra til å auke kunnskapen om natur.

Som eit offentleg eigd kraftselskap, eig og driv SKL vasskraftanlegg i Kvinnherad, Fusa, i Eidfjord og på Stord, samt vindkraftanlegg på Fitjar og på Haugalandet. Me er eit selskap som på mange måtar er eit instrument for å utvikle verdiar i regionen. Det aller meste av det me produserer av økonomiske verdiar, vil bli ført tilbake til lokalsamfunnet gjennom direkte skattar og avgifter. I tillegg sponsar SKL mange lag, foreiningar og gode tiltak. I 2025 bidrog selskapet med nesten 2 millionar kroner til slike føremål.

Enkelt forklart kan ein gjerne seie at for kvar krone me tenar, vil 90 øre gå tilbake til fellesskapet – i praksis deg og meg.

Investeringar

Samla investeringar for konsernet SKL var i 2025 på 831,1 mill. kr.
Investeringa er fordelt på fleire kommunar.

Hovudpostane er:
(Investeringer i mill. kr.)

Investeringar

Verdioverføring til kommunar

Naturressursskatt, eigedomsskatt, produksjonsavgift og konsesjonsavgift til vertskommunane frå SKL var i 2025 på om lag 178,6 mill. kr.