Pressemelding:
Sunnhordland kraftlag (SKL) kjøper vindkraftanlegga Gismarvik i Tysvær og Storøy på Karmøy.
– Med dette kjøpet sikrar me lokalt eigarskap av vindkrafta. SKL jobbar med å utvikla, drifta og eiga meir fornybar kraftproduksjon. Når me no overtar Gismarvik og Storøy, aukar SKL sin regionale satsing på vindkraft. Det bidrar samtidig til at verdiskapinga i større grad blir verande i regionen, seier John Martin Mjånes, administrerande direktør i SKL.
SKL kjøper dei to vindkraftanlegga frå sveitsiske Aventron og britiske Aberdeen.
Vindkraftanlegget Gismarvik vindkraft ligg ved industriområdet ved Gismarvik i Tysvær kommune. Anlegget er frå 2021, består av tre turbinar. Anlegget har konsesjon til 2051.Vindkraftanlegget Storøy vindkraft ligg heilt nord på Karmøy, og kan sjåast frå Haugesund. Anlegget er frå 2018, består av to turbinar. Anlegget har konsesjon til 2043.
Vindkraftsatsing
– Ambisjonen vår er å vera ein langsiktig og god eigar av desse anlegga. Dette kjøpet er nok eit steg for SKL på vegen mot meir vindkraft med lokalt eigarskap. Me skal driva anlegga godt slik at dei kan bidra med fornybar kraftproduksjon og inntekter til regionen, seier Mjånes.
Frå før eig SKL Midtfjellet vindpark i Fitjar kommune, ein større vindpark med 55 vindturbinar som samla produserer om lag 420 GWh årleg.
Vil dekka større etterspurnad
SKL sin styreleiar Pablo Barrera forventar at folk og næringsliv kjem til å etterspørja meir straum i åra framover.
– Straum er billegare, reinare og meir effektivt enn fossil energi. Folk vil ha lys i lampene og næringslivet ber om meir fornybar energi til akseptabel pris. Det er difor avgjerande å auka produksjonen framover. SKL bidrar med både vasskraft og vindkraft til regionen, og dette kjøpet er ei brikke i arbeidet med å utvikla meir vindkraft, seier Barrera. Han er til dagleg konsernsjef i Haugaland Kraft.
SKL er eigd av Haugaland Kraft, Eviny og Stord kommune. Kraftanlegga til SKL har produsert straum i over 110 år. Sidan år 2000 har selskapet meir enn dobla kraftproduksjonen til 3,2 TWh. Det tilsvarar straumforbruket til 160 000 husstandar. 2,8 TWh (88 prosent) kjem frå vasskraft og 0,4 TWh (12 prosent) frå vindkraft. Tidlegare i haust starta arbeidet med å oppgradera vasskraftverket Blåfalli Fjellhaugen i Kvinnherad. Prosjektet inneber ei investering på 2 milliardar kroner, den største investeringa i vasskraft i Noreg på fleire år.






