Sunnhordland Kraftlag (SKL) har som visjon å vera eit kraftsenter for framtidsretta energiproduksjon.

I dag er heile samfunnet bygd kring ei sikker tilførsle av straum, og frå ein regional ståstad er det selskapet si målsetjing å framskaffe og utvikle ny kraftproduksjon.
Selskapet hadde i 2018 ei omsetning på 1,255 mill kr og eit resultat etter skatt på 355 mill kr. Hovudkontoret ligg i Stord, eit mangfaldig regionsenter som òg er i vekst og positiv utvikling.

Kjerneverksemda til SKL er produksjon og engrosomsetning av elektrisk kraft. Kraftproduksjonen i eigne og deleigde anlegg var 2.540 GWh i 2018.