Vil du ut i jobb etter skulen- og gjera noko som betyr noko for framtida?
Hos Sunnhordland Kraftlag (SKL) får du meir enn ein lærlingplass. Du blir ein del av laget som produserer fornybar energi og held samfunnet i gang.
Me søker lærlingar innan:
- Industrimekanikarfaget
- Energimontørfaget
Arbeidsstad er Matre og/eller Etne(Litledalen). Sjølv om du blir tilsett i Matre i Kvinnherad eller i Litledalen i Etne, reiser du også til arbeidsoppgåver andre stader me har kraftanlegg
Her jobbar me med drift, vedlikehald og bygging av vasskraftanlegg. Du får vera med på ekte arbeidsoppgåver – ikkje berre sjå på.
Kvifor velja SKL:
- Du får praktisk erfaring med moderne teknologi og kraftsystem
- Du lærer av erfarne fagfolk som vil at du skal lukkast
- Du blir del av eit trygt og sosial arbeidsmiljø
- Jobben du gjer er viktig – du er med og lagar rein energi for framtia
Kven er du?
- Du er nysgjerrig, lærevillig og likar å jobba med henda.
- Du trivst med å vera ute i felt og tar ansvar.
- Du vil ha ein framtidsretta karriere med gode moglegheiter.
- Du har fullført VG1 og VG2.
Sjå heile annonsen og lenke til søknad på Finn.no
Søknadsfrist: 28.02.2026


