Likar du å arbeida med folk, utvikling og organisasjon?
Som HR-leiar i SKL vil du få eit overordna ansvar for HR-funksjonen i selskapet. For våre leiarar vil du vera ein viktig støttespelar og rådgivar i HR-spørsmål.
Som HR-leiar vil du arbeida både operativt og strategisk og få vere med på å påverka korleis organisasjonen arbeider med HR-spørsmål. Du vil vera ein pådrivar i viktige HR-prosessar og rutinar, og leggja til rette for, og sikre eit godt samarbeid med både tilsette, leiarar og fagforeiningar. Men også andre relaterte administrative oppgåver vil liggja til stillinga.
Som HR-leiar har du gode mellommenneskelege ferdigheitar, du oppnår tillit og kommuniserer godt både munnleg og skriftleg på tvers av organisasjonen. Du opptrer ryddig og med god integritet slik at ein sikrar gode rammer for dei om lag 65 tilsette. Du er sjølvstendig, tek initiativ og har god gjennomføringskraft.
Erfaringsbakgrunn:
- Relevant høgare utdanning
- Brei erfaring frå HR-område som til dømes rekruttering, sjukefråværsoppfylging, konflikthandtering, drøftingar og forhandlingar, arbeid med personalpolitikk, arbeidsrett, pensjon, avtaleverk, organisasjonsutvikling mv
- Sterke kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
Me tilbyr:
- Ein moglegheit med stor påverknad på menneske og organisasjon
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein fleksibel arbeidskvardag
- Gode løns-, pensjons- og velferdsordningar som hytter, trening og helseforsikring
På den som vert tilbydd jobben, vil det bli utført bakgrunnssjekk i henhold til kraftberedskapsforskriften.
Søknadsfrist: 15. oktober
Arbeidsstad: Ved vårt kontor på Stord
Organisatorisk plassering: I stab, nærmaste leiar vil vera Økonomisjef Knud Nagell Dahl
Nyfiken? Har du spørsmål eller ønskjer ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med våre rekrutteringsrådgivarar i Human; Magnus Ånestad på 992 67 888 eller Edvard Thormodsæter på 958 82 299. Du kan også kontakte økonomisjef Knud Nagell Dahl på 975 56 190.