Frå 2025 skal SKL rapportera på våre berekraftsrelaterte aktivitetar og prestasjonar på ein meir omfattande og standardisert måte. Dette omfattar miljømessige, sosiale og styringsmessige forhold, i samsvar med rekneskapslova og Corporate Sustainability Reporting Directive (CSRD).
Me set allereie berekraft høgt og søker deg som kan bidra inn i vårt arbeid med å styrka innsamling, analysering og rapportering av data innan berekraft. Du vil arbeida tett med både berekraftsansvarleg og økonomiavdelinga som fører klimaregnskapet. Du vil her få være med å innarbeida gode strukturar og system samt implementera utviklingstiltak.
For oss alle i SKL handlar det om å bidra til berekraftig og lønnsam nytting av vår fornybare, reinaste og mest effektive energi, vasskrafta.
Ansvarsområde:
- Delta i utvikling og implementering av berekraftsstrategiar som støttar opp om SKL sine langsiktige mål.
- Sikre etterleving av berekraftsrapportering, inkludert CSRD, i samarbeid med økonomiavdelinga.
- Vere ein viktig del av teamet som rådgir leiarar og tilsette i spørsmål knytt til berekraft.
- Jobbe med berekraft på tvers av avdelingar, og sikre gode rutinar og prosessar.
- Jobbe operativt med både store og små oppgåver – frå strategisk planlegging til dagleg oppfølging av berekraftstiltak.
- Andre tilstøytane administrative oppgåver
Ønska kompetanse:
- Relevant høgare utdanning innan berekraft, natur og miljø, økonomi eller liknande
- Fordel med erfaring frå berekraftsarbeid og -rapportering, men me oppfordrar og nyutdanna til å søka
- Er strukturert, sjølvstendig og tek initiativ i eit komplekst fagområde
- God til å samarbeida i team og på tvers av organisasjonen
- Sterke kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
Me tilbyr:
- Å arbeida med eit fagområde som er avgjerande for ei berekraftig framtid
- Du får arbeida i eit selskap som produserer rein energi
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein fleksibel arbeidskvardag
- Gode løns-, pensjons- og velferdsordningar
Det vil verta utført bakgrunnssjekk i henhold til kraftberedskapsforskriften på kandidaten som vert tilbydd stillinga.
Søknadsfrist: 2. oktober
Arbeidsstad: Ved vårt kontor på Stord
Nyfiken? Har du spørsmål eller ønsker ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med våre rekrutteringsrådgivarar i Human; Magnus Ånestad på 992 67 888 eller Edvard Thormodsæter på 958 82 299. Du kan òg kontakta økonomisjef Knud Nagell Dahl på 975 56 190.