Me satsar innan utvikling av fornybar energi. Over ein periode skal me styrka laget og treng ingeniørar og fagarbeidarar innanfor elektro og mekanisk.
Du vil jobbe i avdelinga Teknisk drift og vedlikehald. Avdelinga har det overordna ansvaret for drift og vedlikehald av alle SKL sine 35 kraftanlegg.
I tillegg har avdelinga det faglege ansvaret for elektro og mekanisk i oppgraderings- og utbyggingsprosjekt.
Det er ei sterk fagleg avdeling som i dag tel 27 tilsette, og held til i Matre og Etne.
Arbeidsstad Matre. Fagarbeidarane har i stor grad oppmøte ved anlegg.
Her ligg det inne mykje fleksibilitet og ein eigen bilavtale for dei tilsette.
Vil du høyre meir? Ta kontakt for ein uforpliktande prat!
Kontaktperson: eirik.ulvenes@skl.as
Tlf. 975 56 134
Søknad og CV sendast til jobb@skl.as
Me handterer søknadane fortløpande og kontaktar relevante kandidatar for samtale.