I perioden mai-november vert det mykje anleggstrafikk i delar av Blådalsvassdraget.
Det skjer i samband med at SKL skal rehabilitera dam Midtbotnvatn i 2024 og 2025.
Det vert etablert eit masseuttak i Vasslia ved søre enden av Fjellhaugvatn. Anleggstrafikken kjem langs heile anleggsvegen frå krysset med fylkesveg 5024 til Midtbotnvatn, men desidert mest frå Vasslia. Arbeidet kjem til å vera synleg i delar av terrenget, og vasstanden i Midtbotnvatnet vert senka til lågaste lovlege nivå så lenge arbeidet held fram.
Me ber folk som skal ferdast i fjellet om å visa omsyn til anleggstrafikk, og respektera sperringar og skilt.