Anleggstrafikk i Blådalsvassdraget
I perioden mai-november vert det mykje anleggstrafikk i delar av Blådalsvassdraget. Det skjer i samband med at SKL skal rehabilitera dam Midtbotnvatn i 2024 og 2025. Det vert etablert eit masseuttak i Vasslia ved søre enden av Fjellhaugvatn. Anleggstrafikken kjem langs heile anleggsvegen frå krysset med fylkesveg 5024 til Midtbotnvatn, men desidert mest frå Vasslia.…