På regulerte elvar og vatn kjem det alltid til å vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Dette gjeld særleg ved inn- og utløpsosar, tappetunnelar, kraftstasjonar og liknande.
I reguleringssona kan det og liggja att isflak som det kan vera farleg å koma imellom og under.
Til alle som ferdast i SKL sine nedslagsfelt
I Fjellhaug- og Blådalsområdet i Kvinnherad
I Fjellhaug- og Blådalsområdet vert det særskilt åtvara mot ferdsel på fylgjande vatn:
Fjellhaugvatnet, Staffi – Jamtelandsvatnet, Nesjastølsvatnet, Svartatjørn, Brandvikvatnet, Nedre Vetrhusvatn, Blådalsvatnet, Midtbotnvatnet og Møsevatnet i Kvinnherad kommune og Kvandalsvatnet i Etne kommune.
Sjå også orienteringstavler ved Fjellhaugen Skisenter og i Grønlia.
Rundt Botnavatnet i Bjørnafjorden
Botnavatnet i Bjørnafjorden kommune er regulert, og isen kan difor vera utrygg.
Det vert med dette åtvara mot all ferdsel på isen, særleg i nærleiken av inntaket til Eikelandsosen kraftverk.
Det kan også liggja att isflak som kan gjera det farleg å ferdast i reguleringssona.
I Etnefjella
På alle vatn i Etnefjella er isen usikker. Følgjande vatn er regulerte og har varierande vasstand: Løkjelsvatnet, Grindheimsvatnet, Hjørnåsvatnet, Bassur-/Krokavatnet og Ilsvatnet.
Respekter skiltinga og følg merka løyper!