Forretningsutviklar fornybar energi

Me styrker laget vårt og treng ein økonom som trur at ei grøn og fornybar framtid gjev oss unike fordelar, og er avgjerande for ei berekraftig framtid.

Di rolle vil vere å bidra til, og delta i gjennomføring av strategiske utviklingsprosjekt. Du er ein del av teamet som jobbar med å ta SKL vidare, og blir sentral i selskapet sine målsetningar knytt til utvikling og vekst. Du har god kommersiell forståing og god i Excel og andre kalkylemodellar, relevant høgare økonomisk utdanning og gjerne erfaring, men oppmodar nyutdanna til å søkje òg. Du er ein relasjonsbyggar og lagspelar, har eiga drivkraft til å kalkulere, analysere og lage forretningsplanar.

SKL gjev deg ein arbeidsplass i eit spennande fornybart felt som er i vekst. Du blir ein del av eit fagleg dyktig team og arbeidsmiljø. Arbeidsstad vil vere på vårt hovudkontor på Leirvik. SKL tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordninger. Elles har ansatte moglegheit for å nytta firmahytter i inn- og utland, og eit aktivt bedriftsidrettslag inviterer til sosiale arrangement fleire gonger i året.

Er du interessert i å høyre meir? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om stillinga!

Kontaktperson:
Kjetil Harestad, Avdelingsleiar
mobil: 975 56 049.
e-post: kjetil.harestad@skl.as

 

Søknad og cv kan sendast til jobb@skl.as

 

 

Om oss:

SKL er mellom dei 10 større kraftprodusentane i landet med ei lang og stolt historie. Me har framleis stort fokus på vekst innan fornybar energi. Hausten 2020 sikra SKL seg eigarskap DWO AS, eit selskap som satsar på havvind nasjonalt og internasjonalt. I 2021 blei Hydrogen Solution AS (HYDS) etablert, med formål å utvikla, bygga og eiga anlegg som produserer grøn hydrogen. Du kan lese meir her