Godt resultat for SKL første halvår 2023
Kraftmarknaden er framleis i ein spesiell situasjon, men meir føreseieleg enn unntaksåret 2022.
SKL sin halvårsrapport viser eit driftsresultat på 330,4 millionar kroner etter skatt for første del av 2023. Resultatet på same tid i fjor viste 748,4 millionar kroner. 2022 var eit særs spesielt år for kraftbransjen, og kraftprisane var på eit nivå me aldri før har sett i Noreg. Første halvår i 2023 er kraftmarknaden i Europa og Noreg rolegare. Snittprisen på straum i det prisområdet SKL produserer mest straum (NO2) var 107 øre/kWh, medan tilsvarande periode i 2022 var 162,8 øre/kWh.
– Kraftprisane er framleis høgare enn det me historisk har vore vant med, men den har hatt store svingingar, både gjennom døgnet og veka. Første del av året hadde vi høg produksjon med godt tilsig i anlegga våre, medan våren var tørrare enn forventa. Men vi har ei kostnadseffektiv drift med få feil og høg oppetid på anlegga våre, samt god innsats og lågt sjukefråvær hjå dei tilsette. SKL leverer eit godt resultat første halvår i 2023, seier administrerande direktør John Martin Mjånes.
SKL gjorde investeringar på 68,5 millionar kroner første halvår 2023. Om lag ein tredjedel av investeringane er nytta til bygging av nye Løkjelsvatn Kraftverk i Etne og resterande er gått til ferdigstilling av Einungstølsåna Kraftverk i Valledalen, samt mindre revisjonar av eksisterande kraftverk og investering i andre selskap.
Ein kombinasjon av at vi har fleire kraftstasjonar i drift, auke på tilsette og generell prisstigning gjev SKL ei auke i kostnadane. I tillegg er det i 2023 avgift på kraftproduksjon som utgjer 108,2 millionar kroner, denne avgifta var ikkje i første halvår i 2022. Totale lønn og andre driftskostnadar er 72,4 millionar kroner i 2023, mot 66,3 millionar kroner i 2022. Dei totale driftskostadane er 431,4 millioner kroner i 2023, mot 319,9 millioner kroner i tilsvarande periode i 2022.
Fakta om Sunnhordland kraftlag AS (SKL):
Konsernet Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er eit konsern innan produksjon- og utvikling av fornybar vasskraft. SKL sin kraftproduksjon ligg i all hovudsak i Vestland og Rogaland fylke. Hovuddelen av kraftproduksjonen og driftsmiljøet er lokalisert til Matre i Kvinnherad kommune, der fleire stasjonar nyttar vassressursane i Blådals-vassdraget. SKL har også ei driftsavdeling i Litledalen i Etne kommune tilknytt Litledalen- og Hardeland Kraftverk. I tillegg eig og driv SKL Eikelandsosen kraftverk i Fusa, Rødne Kraftverk i Vindafjord, Bordalsbekken i Tysvær og to mindre stasjonar på Stord. SKL er også medeigar i Sima kraftverka (8.75%) i Eidfjord og Ulla Førre kraftverka (2,54%) i Rogaland og Aust Agder. Midlare kraftproduksjon i stasjonane er 2 440 GWh inkludert konsoliderte småkraftverk.
Småkraftsatsinga skjer hovudsakleg i eigne dotterselskap og tilknytt selskap. I konsernet inngår 13 småkraftverk i eigne selskap. 12 av desse har kraftverk i drift med ein total midlare kraftproduksjon på 142 GWh, og eitt kraftverk på 10 GWh er under bygging. Gjennom tilknytt selskap har SKL eigarskap i ti småkraftverk med midlare produksjon på 135 GWh.
Selskapet deltek også i kraftproduksjon i Sauda gjennom eigardel på 15 % i AS Saudefaldene.
Driftssentralen som overvaker og styrer produksjonsanlegga er lokalisert til Stord, som også er sete for hovudkontoret til selskapet.
Sjå halvårsrekneskap og halvårsmelding for 2023 i vårt dokumentsenter.