Dalane Energi går inn på eigarsida i HYDS.
Pressemelding frå HYDS:
Kraftselskap kjøper andel i HYDS
Det Rogalandsbaserte kraftselskapet Dalane Energi kjøper seg inn i Hydrogen Solutions AS (HYDS) med ein andel på 10 prosent. Frå før vert selskapet eigd av Sunnhordland kraftlag AS (SKL), i tillegg til ei gruppe private investorar.
– Dette er ei stor hending for oss. Det gir HYDS styrke og stabilitet at enda ein markant aktør frå kraftmarknaden går inn på eiersida, seier Thor Henrik W. Hagen, dagleg leiar i hydrogenselskapet.
HYDS utviklar, byggjer, eig og driftar produksjonsanlegg for grønt hydrogen. I mai åpna selskapet sitt fyrste produksjonsanlegg på Stord, med kapasitet til å produsera 140 tonn hydrogen årleg. Til hausten opnar dei eit nytt anlegg i Dalane Energi sitt lokalområde, Egersund. Fleire anlegg er under utvikling og bygging.
– Dette oppkjøpet er gunstig av fleire grunnar. For det fyrste stadfestar det at fleire sterke og stabile aktørar har tru på marknaden for grønt hydrogen som me er med på å utvikla, og på forretningsmodellen vår. I tillegg kan det gi oss betre tilgang på kraft på nye stader, fortel Hagen.
Dalane Energi forsterkar hydrogensatsing
– Marknaden for grønt hydrogen er i rivande utvikling. Det er veldig spennande å følgja med på, og rimer veldig godt med vår satsing på å bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling, seier Idar Sønstabø, dagleg leiar i Dalane Energi.
Selskapet deltar frå før i eit innovasjonsprosjekt kalt ROBINSON, i regi av EUs Horizon 2020-program. Som éin av 18 samarbeidspartnarar, frå ti ulike land, jobbar dei med å byggja eit system for å kombinera og integrera lokale energikjelder, der hydrogen er ein av energikjeldene.
Gjennom ROBINSON er Dalane Energi engasjert i produksjon av grønt hydrogen i selskapet Dalane Hydrogen, som dei eig saman med Egersund næring og hamn, og HYDS. Dette produksjonsanlegget skal levera hydrogen til prosjektet samstundes som det overskytande går til kommersielt sal. Produksjonsanlegget vert bygd i Egersund av HYDS. Når ROBINSON er avslutta, vil Dalane Hydrogen overta eigarskap og produksjonsansvar for anlegget i Egersund.
– Me samarbeider allereie godt med HYDS gjennom dette prosjektet i vår region og me har gò andre konkrete planar for etablering i regionen. Med dette kjøpet stadfestar me det gode samarbeidet og legg vår vidare satsing på hydrogen inn i HYDS. Samstundes syner me at me ønskjer å vera med på vidare vekst i Noreg og internasjonalt framover i ein spennande bransje, fortel Sønstabø.
Om HYDS:
Hydrogen Solution AS (HYDS) vart etablert i 2021 og er eit hurtig vaksande norsk hydrogenselskap. HYDS utviklar, byggjer, eig og opererer hydrogenanlegg, og strategien er å produsera grøne hydrogen og hydrogenderivat gjennom skalerbare og lokale anlegg. Det fyrste på anlegget på Stord åpna i mai 2023. Det andre anlegget i Egersund skal stå klart hausten 2023. Les meir om HYDS på www.hydrogensolutions.no/
Om Dalane Energi:
Dalane Energi AS er eit energikonsern som driv med tradisjonell vasskraftproduksjon, straumsal og som eig regionalt og lokalt linjenett i dei fire Dalane-kommunane i Sør-Rogaland. Konsernet er også største eigar i Altifiber som leverer fibertenester i Sør-Rogaland og store delar av Agder. Konsernet har dei siste åra engasjert seg aktivt i næringsutvikling og har også etablert seg som ein aktør innan produksjon av kraft ved solceller. Les meir om Dalane Energi på https://dalane-energi-konsern.no/