Årsmeldinga er klar

Torsdag 20. april hadde SKL si generalforsamling der me la fram årsmeldinga for 2022 i digitalt, meir lesevennleg format. Der kan du mellom anna lesa om selskapet sine økonomiske resultat og utvikling i 2022, lokalmiljøa som nyt godt av SKL sitt resultat, intervju med nokre av SKL sine tilsette og sjå kor mykje kraftproduksjonen for…

Les meir

Midlertidig senking av Løkjelsvatn

SKL har fått løyve til midlertidig å avvike frå kravet til minstevasstand i Løkjelsvatn, i Litledalsvassdraget i Etne. Frå 11. april til 23. juli kan vatnet verta senka lågare enn vanleg minstevasstand. Bakgrunnen for løyvet er at me skal byta ut eksisterande revisjonsstengsel og inntaksluke i magasinet.

Les meir

Midlertidig senking av Hjørnåsvatn

SKL har fått løyve til midlertidig å avvike frå kravet til minstevasstand i Hjørnåsvatnet i Litledalsvassdraget i Etne. Frå 5. april til 19. mai kan vatnet verta senka 3,1 meter lågare enn vanleg minstevasstand. Bakgrunnen for løyvet er at me skal gjera ein del nødvendige tiltak for å betre vassvegen mellom magasinet og Hardeland kraftverk.

Les meir

Åtvaring mot utrygg is

På regulerte elvar og vatn kjem det alltid til å vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Dette gjeld særleg ved inn- og utløpsosar, tappetunnelar, kraftstasjonar og liknande. I reguleringssona kan det og liggja att isflak som det kan vera farleg å koma imellom og under. Til alle som ferdast i SKL sine…

Les meir

Årsrekneskap 2022 for konsernet SKL

Pressemelding frå Sunnhordland kraftlag AS: Året 2022 var eit veldig spesielt år for både Sunnhordland kraftlag AS (SKL) og kraftmarknaden generelt. Året har vore prega av uvanleg høge kraftprisar, mellom anna som følgje av Russland sitt angrep på Ukraina, og låg fyllingsgrad i vassmagasina i Noreg ved inngangen til hausten. SKL hadde derimot godt med…

Les meir

Berekraftsrapporten for 2022 er klar

Les om korleis SKL arbeider for å redusera klimaavtrykket i vår verksemd, og om kva våre viktigaste bidrag til FN sine berekraftsmål er, i Berekraftsrapporten for 2022. Rapporten inkluderer detaljar om kor mykje fornybar straum me produserer, og kva tiltak me gjer for å ta omsyn til økosystem, naturmangfald og tilsette. De kan og sjå…

Les meir

Deep Wind Offshore inngår partnerskap med bp i Sør-Korea

I dag kjem det store nyheiter frå Deep Wind Offshore (DWO), havvindselskapet SKL har eigarandelar i.   Pressemelding frå DWO: DWO inngår partnarskap med bp i Sør-Korea Deep Wind Offshore har inngått joint venture med bp om fire prosjekt på totalt 6 GW i Sør-Korea. – Partnarskapet med bp sett oss verkeleg på kartet, både…

Les meir

Generatoren på plass i nye Løkjelsvatn kraftverk

Den største enkeltleveransen til det nye kraftverket SKL byggjer i Etne har kome fram til fjellhallen der den skal stå. Det største vasskraftverket som for tida vert bygd i Noreg startar for alvor å nærma seg produksjon. Den 82 tonn tunge statoren, ein del av generatoren til kraftverket, blei rygga inn i til maskinhallen etter…

Les meir