I skrivande stund er kraftprisen i Noreg høg. Høgare enn på lenge, og mykje høgare enn den var på same tid i fjor. Året 2020 var prega av mykje snø i fjellet, og rikeleg nedbør. Då vert kraftprisane låge. I år var det derimot relativt lite snø i fjellet, og me har hatt ein turrare sommar enn sjølv gamle folk kan hugsa. Då vert kraftprisen høgare. Dette er normale svingingar, men med store utslag i år.
Det har vore medieoppslag om at den høge kraftprisen skuldast utanlandskablane. Dette er berre delvis rett. Kablane gjer at krafta strøymer dit etterspurnaden er størst, og dermed prisen høgast. Norske vasskraftprodusentar har fått godt betalt for straumen me produserer både i innanlandsmarknaden, og gjennom utveksling. Men me importerer også rimeleg vind- og solkraft gjennom dei same kablane når det er stor produksjon av denne fornybare energien i nabolanda våre. Då vert prisen pressa ned i dei periodane. I sum kan me seia at prisen for straum er vorten litt høgare med dei nye kablane, 3-5 øre per kilowattime seier NVE, men samstundes med mindre variasjon enn me ville hatt utan kablane. I tillegg har prisen for CO2 utslepp vorte mykje høgare, og brensleprisane for kol, olje og naturgass, er høge. I sum fører det til høge prisar på energi, også straum.
SKL gler seg over eit godt halvårsresultat. Og denne gleda smittar over på eigarane våre – som alle er offentlege – og på vertskommunane. Det som er godt for SKL er i stor mon også godt for fellesskapen.