Me ynskjer å styrka kompetansen vår innanfor krafthandel og digitalisering.

Sunnhordland Kraftlag søkjer etter ein medarbeidar som har:
– Engasjement for foredling av fornybar energi
– Erfaring innan matematikk/statistikk og bruk av dette inn mot store
datasett
– Evne til å framstilla data og ny innsikt visuelt
– Interesse for å læra om vasskraft og sjå dette fagområdet i
samanheng med nye framsteg innan dataanalyse og maskinlæring.
– Evne til å arbeide analytisk, effektivt og systematisk
– Kommersiell interesse og forståing

SKL er ein vasskraftprodusent som årleg produserer om lag 2 % av den
elektriske krafta i Noreg og krafthandels-avdelinga har som oppgåve å
disponera vatnet som kjem til våre magasin og kraftverk optimalt med
omsyn på produksjon og marknadsutvikling. Di rolle vil vera å verta ein
del av dette miljøet, med særleg fokus på å automatisera og vidareutvikla
vår produksjonsplanlegging blant anna basert på innsamla data frå våre
kraftanlegg.
Dette vil innebera å opparbeida seg kompetanse og kunnskap innan
SKL sine eksisterande modellar og kraftmarknaden, og å ha evne til å
vidareutvikla desse.
Du har relevant utdanning på universitet- eller høgskule. Nyutdanna
kandidatar som me ser at har stort potensial vert oppfordra til å søka.
Du må ha eit ynskje om å opparbeida deg god forretningsforståing rundt
SKL sine prosessar, sidan dette er kritisk for å kunna jobba godt saman
med fagmiljøet i SKL og i fellesskap finna nye moglegheita innan analyse og
utnytting av data.
Kjennskap til statistikkverktøy, databaser og programmeringsspråk (til
dømes SQL, JavaScript, Python, C, C++, Matlab, R, Power BI, Kafka) vil
vera ein styrke.
Kontakt oss gjerne for ein uforpliktande prat om stillinga. Kontaktperson er
avdelingsleiar Jakob Bjelland,mobil 97 55 61 75.
E-post: jakob.bjelland@skl.as
Send søknad innan 20. mars 2020 til jobb@skl.as