Etter ei årsomsetning på 986,6 mill. kr, fekk konsernet SKL i 2019 eit resultat etter skatt på 269,5 mill. kr. Resultatet er 85,1 mill. kr svakare enn i 2018, men fortsatt blant dei beste resultata gjennom SKL si historie.
Sjølv om årsresultatet er redusert i forhold til 2018 er underliggande drifta forbetra. Det har over en lang periode vært stort fokus på kostnadsreduksjon og effektiv drift, noko som etterkvart viser gode resultat.
Produksjonen vart lågare enn middelproduksjon og lågare enn perioden 2016-2018. Dette skuldast mellom anna låge magasin og lite snø i fjellet ved inngangen til året og ein tørr haust. Totalt vart det produsert 2 212 GWh i anlegga i konsernet, inkludert 63 GWh i konsoliderte småkraftverk. Dette er 99 GWh lågare enn midlare produksjon. I tillegg var SKL sin andel av produksjon i deleigde kraftverk utanfor konsernet 284 GWh, også dette noko lågare enn midlare produksjon.
Magasinstanden var 28 GWh høgare ved utgangen av 2019 enn ved inngangen til året.
Totalt vart dekningsbidraget av kraftomsetninga for 2019 på 777,8 mill.kr mot 1033,6 mill.kr i 2018 (Sal energi fråtrekt kjøp energi) i SKL AS. I konsernet vart dekningsbidraget på kraftomsetninga 800,5 mill.kr, mot 1053,2 mill.kr i 2018.
Hovudvolumet av kraft vert seld til løpande spottpris på kraftbørsen Nordpool. Oppnådd pris på fritt omsetteleg kraft i SKL vart 39,7 øre/kWh mot 43 øre/kWh i 2018. Tilsvarande tal for dei konsoliderte småkraftverka var 36 øre/kWh. Snittprisen for 2019 i prisområdet Blåfalli (NO2) vart 38,6 øre/kWh. Det er 2,9 øre/kWh lågare enn 2018.
Skattekostnaden for 2019 er rekna til 325,6 mill. kr, mot 468,3 mill. kr i 2018. I tillegg betalte SKL eigedomskatt og konsesjonsavgift med 45,6 mill.kroner.
Samla investeringar for konsernet utgjer 271 mill. kr. Av dette utgjer 144 mill.kr utbygging av Løkjelsvatn Kraftverk i Litledalen i Etne for å erstatte gamle anlegg. Det er også nytta 90 mill.kr for å overta kraftverka Sand, Steine og Økstra frå Suldal Elverk. SKL deltek også i utbygginga av Storlia Kraftverk gjennom sitt eigarskap i Sima-kraftverka i Eidfjord.
Konsernet Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er eit reindyrka konsern innan produksjon- og utvikling av fornybar vasskraft.
SKL sin kraftproduksjon ligg i all hovudsak i Hordaland- og Rogaland fylke. Hovuddelen av kraftproduksjonen og driftsmiljøet er lokalisert til Matre i Kvinnherad kommune, der fleire stasjonar nyttar vassressursane i Blådals-vassdraget. SKL har også ei driftsavdeling i Litledalen i Etne kommune tilknytt Litledalen- og Hardeland Kraftverk. I tillegg eig og driv SKL Eikelandsosen kraftverk i Fusa, Rødne Kraftverk i Vindafjord, Bordalsbekken i Tysvær og to mindre stasjonar på Stord. SKL er også medeigar i Sima kraftverka (8.75%) i Eidfjord og Ulla Førre kraftverka (2,54%) i Rogaland og Aust Agder. Midlare kraftproduksjon i stasjonane er 2 224 GWh.
Småkraftsatsinga skjer hovudsakleg i eigne dotterselskap og tilknytt selskap. I konsernet inngår også 9 småkraftverk i eigne selskap med ein total midlare kraftproduksjon på 86 GWh. Eit småkraftverk er under bygging pr. utgangen av 2019. Gjennom tilknytt selskap har SKL eigarskap i 10 småkraftverk.
Selskapet deltek også i kraftproduksjon i Sauda gjennom eigardel på 15 % i AS Saudefaldene.
Driftssentralen som overvaker og styrer produksjonsanlegga er lokalisert til Stord, som også er sete for hovudkontoret til selskapet.
I 2019 hadde SKL ingen skader hjå tilsette, som medførte fråvær, dette gav H1-verdi lik 0. Tilsvarande tal for 2018 var ingen skadar med fråvær og H1-verdi lik 0. Samla sjukefråvær var 2,0% mot 2,7 % i 2018.
Konsernet sin soliditet er god. Eigenkapitaldelen på 63,5% av bokførte verdiar gir ei sunn finansiering av konsernet sine anleggsmiddel. Dei reelle verdiane i konsernet sine produksjonsanlegg er langt større enn dei bokførte verdiane. Eigenkapitalen er forsvarleg ut frå risiko ved og omfang av verksemda i konsernet.
Årsrekneskapen vart handsama i styret 24. februar 2019. Styret tilrår ovanfor generalforsamlinga ei utbetaling til aksjonærane på 160 mill. kr. Generalforsamlinga vert halden 27. april.