Til avdeling teknisk drift og vedlikehald i Matre i Kvinnherad, søkjer SKL etter lærling i energimontørfaget.

Avdelinga har ansvar for drift og vedlikehald av vasskraftanlegga til SKL og deltek også i bygging av nye anlegg. Anlegga er lokalisert både i Hordaland og Rogaland.

Som lærling vil du ha arbeidsstad i Matre, men du må pårekna å ha oppgåver både i Litledalen i Etne kommune og andre stader der SKL har anlegg. Vi tilbyr spennande og utfordrande oppgåver i eit lærerikt og triveleg arbeidsmiljø!

For fleire opplysningar kan du kontakte Arne Helleland på tlf. 975 56 033.

Kopi av vitnemål og karakterar frå siste termin må vere vedlagt søknaden.

Søknad kan du sende til jobb@skl.as innan 31. januar 2020.