Ut frå NVE si innstilling og Odda kommunestyret sitt siste vedtak i saka, vel SKL å avslutte arbeidet med Opo flaumkraftverk. SKL trekk difor søknaden frå vidare handsaming.
SKL meiner det er trist at eit godt samfunnsøkonomisk prosjekt som Opo flaumkraftverk ikkje synes realiserbart. Det er venta eit villare og våtare klima i Noreg og SKL meiner at kombinasjonen av flaumsikring og kraftproduksjon er ei framtidsretta løysing.
SKL er open for slike prosjekt også i framtida, der samfunnet meiner det er ei god løysing.
Foto: Yngve Vestrheim