På biletet ser me frå venstre: Øyvind Halleraker, Helge Andre Njåstad, olje- og energiminister Tord Lien, administrerande direktør i SKL Magne Heimvik og Kjetil Harestad (SKL)
«Sunnhordland Kraftlag har i samarbeid med Odda kommune sett på muligheten for en kombinert utbygging av vannkraftverk og flomtunnel i nedre del av vassdraget. Dette er et spennende prosjekt som både kan bidra til å sikre Odda mot flom, og gi betydelig ny fornybar kraftproduksjon», seier olje- og energiminister Tord Lien (Frp).
Opovassdraget er eit verna vassdrag, og det kan ikkje opnast for konsesjonsbehandling utan samtykke frå Stortinget. Flaumen i oktober 2014 førte til store skadar i Odda sentrum, og høg vassføring i Sandvinvatnet gikk utover dyrka mark, bustadhus og driftsbygningar.
Ei kraftutbygging kombinert med flaumtunnel vil gjera det mogleg å hindra skadar ved dei aller største flaumane i framtida og redusera flaumproblema rundt Sandvinvatnet.
«Konsesjonsbehandling av prosjektet vil sette oss i stand til å avgjøre om tiltaket har akseptable konsekvenser for verneverdier og andre interesser. Regjeringen foreslår derfor å åpne for konsesjonsbehandling i nedre del av Opovassdraget», legg statsråd Tord Lien til.
«Der er gledeleg at regjeringa i dag legg fram forslag om konsesjonsbehandling. Dette er eit svært godt samfunnsøkonomisk, men krevjande bedriftsøkonomisk prosjekt. Sunnhordland Kraftlag (SKL) har lagt ned eit stort arbeid i å finna gode løysingar for både flaumavleiing og kraftproduksjon. Planen er å trygga busetnaden både rundt Sandvinvatnet og i Odda sentrum, samstundes som me kan få produsert rein og fornybar energi i eit relativt stort kraftverk. Årleg produksjon kan bli opp mot 185 GWh. Det er nok straum til om lag 10.000 norske husstandar. Det er viktig at vi får ei avklaring, og vonaleg konsesjon slik at vi kan starta bygging medio 2018, slik at flaumtunnelen og kraftverket kan stå ferdig innan utangen av 2021. Det er fristen for at me kjem under ordninga med grøne sertifikat», seier administrerande direktør Magne Heimvik i SKL.
Bilete på framsida frå Odda: Jan Rabben