Sunnhordland Museum og SKL presenterer filmen “Straumen”
Sunnhordland Museum har i samarbeid med SKL laga ein film som dokumenterer anleggsarbeidet i Matre og korleis Sunnhordland fekk straumforsyning til folk flest. Bakgrunnen for filmen er at det er vedteke å riva Blåfalli II kraftstasjon. Hordaland fylke har finansiert filmen som er laga av Brynjar Stautland frå Bømlo.