Kraftverket er bygd av Småkraft AS og sett i drift i 2009. Det er eit av dei tidlege småkraftprosjekta, og er etter måten eit stort anlegg. Installert effekt er 8,3 MW, og årleg produksjon er estimert til 32,5 GWh. Kraftverket har 19% regulering i 2 magasin.
Steinsvik Kraftverk var ikkje med i porteføljen då Småkraft AS selde storparten av kraftverka sine til det tyske investeringsfondet Aquila Capital, fordi kraftverket er underlagt konsesjonsvilkår etter vassdragsreguleringslova/vassressurslova og vilkår i industrikonsesjonslova. Nydalselva Kraft AS, som er eigd 50% av SKL og 50% av Sognekraft oppfyller vilkåra til å kunna overta Steinsvik Kraftverk. Etter dette oppkjøpet vil Nydalselva Kraft AS ha om lag 60GWh i årleg produksjon, i tillegg har selskapet fleire prosjekt under utvikling.
Nøkkeltal for Steinsvik Kraftverk:
| Nedbørsfelt | 5,6 km2 |
| Inntakskote | 727 moh |
| Kraftstasjonskote | 33 mod |
| Fallhøgde | 694 m |
| Produksjon tilsvarar |
32,5 GWh Omlag 1.800 husstandar |
| Slukeevne | 1,4m3/s |
| Røyr/vassveg | ø 600 og 700 mm duktile støypejernsrøyr, 1220 m nedgravd |
| Maks stigning | 38° |
| Tunnel | 16m2, lengde 500m |
| Fullprofilbora sjakt | ø 1,06m, L=500m, 52° stigning |
Det er installert ein 2 strålars horisontal Peltonturbin med effekt på 8,3 MW og ein generator på 10 MVA.
Transformatoren har utgåande spenning på 22 kV.





