I generalforsamlinga til SKL vart det den 18. april 2016 vedteke å betala ut 38 millionar kroner til eigarane for rekneskapsåret 2015. Dette er i tråd med innstillinga frå styret.
Generalforsamlinga godkjende den framlagde rekneskapen for konsernet SKL for 2015. Den syner ei årsomsetning på 746 mill. kr, der konsernet oppnådde eit resultat etter skatt på 51 mill. kr. Resultatet er 73 mill. kr lågare enn i 2014.
Driftsresultatet i 2015 vart 154 mill. kr mot 299 mill. kr i 2014.
Skattekostnad for 2015 er rekna til 80 mill. kr.
Klikk her fort å sjå heile årsmeldinga med rekneskap
Generalforsamlinga valde også nytt styre for SKL:
Didrik Ferkingstad | Haugaland Kraft | styreleiar |
Atle Neteland | BKK | nestleiar |
Olav Linga | Haugaland Kraft | |
Audun Magnussen | Tysnes Kraftlag | |
Kristoffer Vannes | Skånevik/Ølen Kraftlag | |
Bente Bondhus | Hordaland Fylke | |
Egil Åkra | tilsette | |
Bjørn Rune Lekven | tilsette |
SKL er eit regionalt energiselskap. I vasskraftanlegga våre produserer me nok straum til omlag 125.00 husstandar.