Generalforsamling i SKL
I generalforsamlinga til SKL vart det den 18. april 2016 vedteke å betala ut 38 millionar kroner til eigarane for rekneskapsåret 2015. Dette er i tråd med innstillinga frå styret. Generalforsamlinga godkjende den framlagde rekneskapen for konsernet SKL for 2015. Den syner ei årsomsetning på 746 mill. kr, der konsernet oppnådde eit resultat etter skatt…