“Borearbeidet starta 13. februar, og har hatt god framdrift. Bortsett frå ein stopp i 7 dagar då borekruna vart skifta, har arbeidet gått med døgnkontinuerleg drift, og 8 mann frå Norhard har vore i sving”, fortel prosjektleiar Jarle Kjellesvik. “No skal heile tunnelen forast med stålrøyr” seier han vidare.
Når kraftverket står ferdig vil det nytta eit fall på 510 m ned til kraftsjonen som ligg på kote 30. Innstallert effekft vert på 4,95 MW, og venta årsproduksjon vil vera om lag 20 GWh. Det er nok straum til 1000 husstandar