Utdanningsstipend

SKL har i mange år samarbeidd med Stord Rotaryklubb om utdanningsstipendet som vert delt ut under utdanningsmessa Sjå meir om utdanningsstipendet ved å fylgja denne lenkja: https://utdanningsmessa.no/utdanningsmessasoknadsskjema-stipend-2016/

Les meir

Følkemøte om Løkjelsvatn kraftverk

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kunngjer: Folkemøte om Løkjelsvatn kraftverk NVE har motteke søknad frå SKL om bygging av Løkjelsvatn kraftverk i Etne kommune i Hordaland og arrangerer i samband med det eit folkemøte i Etne kulturhus onsdag 28. september kl. 19.00. På møtet vil NVE orientere om sakshandsaminga av søknaden, medan søkjar vil gjere…

Les meir

Blådalshytta opna

Hytta med tilhøyrande sikringsbu er ført opp ved Grøneviksvatnet, om lag 1,5 timars gange frå Blåfalli IV kraftstasjon. Stien inn til hytta er merka, og relativt lett å gå. Ein fin sundagstur!

Les meir

Gratis sommarkonsert

Gratis utandørs konsert 11. juni med Eva & The Heartmaker og Matti Røsland
SKL er 70 år og me feirer med gratis konsert med folkekjære artistar laurdag 11. juni kl 15.00, framfor Husnes Storsenter.

Les meir

Generalforsamling i SKL

I generalforsamlinga til SKL vart det den 18. april 2016 vedteke å betala ut 38 millionar kroner til eigarane for rekneskapsåret 2015. Dette er i tråd med innstillinga frå styret. Generalforsamlinga godkjende den framlagde rekneskapen for konsernet SKL for 2015. Den syner ei årsomsetning på 746 mill. kr, der konsernet oppnådde  eit resultat etter skatt…

Les meir

Gjennomslag i Tverrelva

Tysdag 5. april var det gjennomslag i vasstunnelen i Tverrelva kraftverk i Uskedalen, Kvinnherad kommune.
Tunnelen er 690 m lang, og har ein diameter på 740 mm. Det er firmaet Norhard som har bora tunnelen med ein fullprofil boremaskin.

Les meir

Nye eigarar overtek SKL si naturgassatsing

Med verknad frå 1. april 2016 overtek lokale investorar naturgassverksemda til SKL. Det er viktig i eit lokalt og regionalt perspektiv. Dei nye eigarane overtek ei satsing SKL har hatt sidan 2007, der ein har utvikla og bygd infrastruktur for naturgass på Stord.

Les meir