NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) har behandla søknaden frå SKL om bygging av Blåfalli Fjellhaugen kraftverk, og gjev i si instilling til OED (Olje- og energidepartementet) råd om at dei samla fordelane ved ei slik utbyggjing er klart større enn ulempene for allmenne og private interesser.
Saka vert med dette sendt over til Olje- og energidepartementet for vidare behandling.
“Ei utbygging vil gje betre utnytting av vasskraftressursane i eit allereie utbygd vassdrag, og vil gje om lag 70 GWh i ny fornybar energi. Dette svarar til straumforbruket til omtrent 3500 norske husstandar”, skriv NVE i si instilling.
Klikk her for å sjå innstillinga på NVE sine heimesider