Partnerane har eit særleg ansvar for den strategiske utviklinga av klynga, og delta aktivt for å fremja partnargruppa sin felles visjon og målsetnad. SKL var ein av stifterane til organisasjonen Maritime CleanTech West i 2011. SKL deltek også i ulike utviklingsprosjekt i NCE Maritime CleanTech, bl.a. Folgefonn-prosjektet og i prosjektet «Urban Water Shuttle». – NCE Maritime CleanTech er ein viktig arena for SKL. Ved å delta i klynga sitt partnarskap ønskjer me å blant anna bidra til at fornybar energi i større grad kan takast i bruk på ulike fartøystypar, seier Magne Heimvik.
Share this post