Magne Heimvik, styreleiar IFER/konsernsjef SKL innleiia møtet med å syne IFER – strukturen i dag. Han oppsummerte at selskapa har levert infrastruktur og sytt for at regionen har utvikla seg til ein av dei fremste industriområda i landet. Heimvik peika vidare på at selskapa også i framtida må vere med på å utvikle og levere infrastruktur på ein sikker og samfunnsøkonomisk måte.
IFER fekk gleda av å høyre Eivind Reiten , leiar av ekspertutvalet som har lagt fram rapporten; Et bedre organisert strømnett, sine anbefalingar. Rapporten er skriven på oppdrag frå Olje- og energidepartementet og vart publisert 5. mai. Olje- og energidepartementet nedsatte ekspertgruppa blandt anna ut frå eit behov for å rydde opp i ein fragmentert og uoversiktleg nettstruktur i regional- og distribusjonsnettet.
Reiten fremja ekspertutvalet sine følgjande anbefalingar som vil bidra til eit betre organisert strømnett:
Selskapsmessig og funksjonelt skille
Den tette integrasjonen mellom nettvirksomhet og aktivitetar knytt til produksjon og omsetning bidreg ikkje til ein hensiktsmessig nettstruktur og kan gje høgare nettkostnadar enn naudsynt. Problemet vert forsterka ved at bare eit lite mindretall av alle nettselskap er pålagt selskapsmessig og funksjonelt skille. I tillegg drives ofte nettverksemdene saman med anna verksemd .
Eit selskapsmessig og funksjonelt skille mellom nett og anna verksemd bidreg til å dempe ulempene ved integrerte selskap og til auka merksemd om nettverksemda.
DSO
Av omsyn til rasjonelle investeringar er det behov for ein større grad av samordning og koordinering på tvers av ulike konsesjonsgrenser og nettnivå, gjennom utpeiking av DSOar. Gruppa foreslår at myndighetene tek utgangspunkt i og styrkjer ordninga med kraftsystemutgreiingar (KSU), som også bør omfatte distribusjonsnetta.
Frå tre til to nettnivå
Ekspertgruppa anbefalar å fjerne regionalnettet som eige nettnivå og innlemme det i distribusjonsnettet. Systemet med område- og anleggskonsesjonar vert vidareført.
Tilknytingsplikt
Reglane for nettselskapa si plikt til å knytte forbruk og produksjon vert justert. Nettselskapet sin tilknytingsplikt bør gå fram til produksjonsanlegg /forbruk i nettet. I dag anviser selskapet næraste punkt i eksisterande nett og så må tiltakshavar sjølv byggje seg fram dit.
NVEs regulering
Når det gjeld kostnadseffektivitet støttar gruppa NVEs reduksjon av minimumsavkastninga frå to prosent til null prosent frå 2014. Gruppa foreslår å auke kostnadsnormens andel i inntektsramma frå 60 til 70 prosent. Det betyr at andelen av eigne kostnadar som selskapa får dekka med sikkerheit vert redusert frå 40 til 30 prosent. Dette styrkjer nettselskapa sine insentiv til ytterlegare kostnadseffektiv drift.
Tariffar
Ekspertgruppa tilrår ikkje separate tiltak for å oppnå meir harmoniserte tariffer. Tariffane ventast å auke for alle når investeringane aukar. På sikt vil ein utvikling i retning av færre selskap også gje meir harmoniserte tariffar. Gruppa anbefalar å behalde den eksisterande utjevningsordninga for kundar i konsesjonsområda med dei høgaste nettkostnadane.
Kompetanseforskrifta
Gruppa anbefalar å fjerne kompetanseforskrifta. Hensynet til tilstrekkelig leveringskvalitet og beredskap ivaretas gjennom beredskapsforskrifta.
Pant i kraftledningar
Ekspertgruppa meiner at det bør bli enklare å få rettsvern for å ta pant i nettet, ved at det vert opna for registrering av kraftledningar i grunnboka eller at kraftledningsregisteret vert digitalisert.
Reglar for tenestekjøp i konsern
Gruppa meiner at kjøp av varer og tenester i hovedsak bør skje etter konkurranse og at det er behov for strengare reglar for å sikre at kjøp innan samme konsern skjer til marknadsvilkår.
Dokumentavgift
Det bør vurderast å gje tidsbegrensa fritak for eventuell dokumentavgift som kjem til i samband med overgang til konsern.
Lokal synspunkt
Dagleg leiar Finnås Kraftlag, Nils Gunnar Gloppen, peika på ein lokal aktør sine sterke sider, men også utfordringar. Han fremja at små selskap har god oversikt, verdifull lokalkunnskap og naudsynt dialog med lokale styresmakter og næringsliv. Selskapet har nøgde kundar og verdiskapinga lokalt er særs god.
Dagleg leiar i Haugaland Kraft, Olav Linga, fremja at bransjen må lytta til kundane sine behov og synspunkt. Nettverksemdene må tilby tenester til rett pris og kvalitet, og bransjen må organisera seg deretter. Haugaland Kraft legg stor vekt på god kundedialog.
Ordførar i Bømlo Kommune Odd Harald Hovland har klare forventningar til nettselskapa. Innbyggjarane, lokale styresmakter og næringsliv er avhengig av sikker straumforsyning. Hovland peika på at kritiske samfunnsfunksjonar som helse og omsorgstenester er sårbar for bortfall av straum. Ordføraren fremja lokalkunnskap og korte kommunikajsonslinjer til lokal straumleverandør.
I fortsetjinga av møtet vart krav til framtidig informasjon og kundedialog drøfta. Det vart også omtalt korleis me kommuniserer med kundar i drift og ekstraordinære situasjonar.