Godt nytt år
På den siste dagen i året ynskjer SKL Godt Nytt År i vente til alle kundar og samarbeidspartar – samstundes som me takkar for det gamle.
På den siste dagen i året ynskjer SKL Godt Nytt År i vente til alle kundar og samarbeidspartar – samstundes som me takkar for det gamle.
Oppdatert laurdag 15:00 Lyn- og tôreveret fredag kveld og natt til laurdag førte til fleire straumbrot i distriktet. Driftsentralen til SKL melder no at alle kundane har fått straumen tilbake. Fleire arbeidslag var ute i heile natt for å retta feil, og gjera det dei kunne for at alle skulle få straumen tilbake så snart…
18 desember offentleggjorde NVE at dei gjev tilråding til OED, og løyve til nye vasskraftverk og ny kraftleidning i Etne og Kvinnherad kommunar
Grunna ein feil i fakturarutinane, har det vorte sendt ut to like fakturaer til mange av kundane våre. Dei som har fått to like fakturaer på papir skal sjølvsagt berre betale den eine. E-faktura og avtalegiro-kundar er ikkje råka. Me seier oss leie for denne feilen.
SKL Produksjon har inngått avtale med grunneigarar i Nordrepollen om å overføra vatn frå Reppaelva til Tveitelva. Meirproduksjonen i Tveitelva vert som fylgje av dette om lag 3 GWh.
Torsdag kveld (27.11.) vart det lys langs skulevegen for elevar frå Sætrevik og Høgåsen på veg til Tjødnalio skule. Det er Stord Ungdomsråd som har stått i spissen for dette arbeidet, og SKL har vore med i eit spleiselag for å få alt på plass. Klikk her for å sjå kva Stordnytt skriv om saka.
SKL og Statnett har underteikna samarbeidsavtale om nettplanlegginga i Sunnhordland og på Haugalandet dei næraste åra. Avtalen gjeld dei tiltaka som må gjennomførast i tilknytning til mogleg byggjing av ein ny aluminiumsfabrikk på Karmøy, elektrifisering av Utsirahøgda frå Kårstø og eit aukande alminneleg forbruk.
Under ei tilstelling for tilsette med fylgje, fekk to medarbeidarar gullklokker etter 25 år tenestetid i verksemda. Konsernsjef Magne Heimvik stod for utdelinga. Liv Marit Vikerstrand får gullklokke frå konsernsjef Magne Heimvik Lars Lodden får overrekt gullklokka frå Magne Heimvik.
Statsråd Vidar Helgesen ved statsministerens kontor, EØS saker og forholdet til EU heldt føredrag under årets Energirike konferanse, som gjekk av stabelen i Haugesund 5. – 6. august.
Tysdag 29. april var det offisiell opning av Eitro Kraftverk i Øvre Hålandsdalen, Fusa kommune.