Verdiar og etikk

Etiske retningslinjer i SKL

Bærekraftig og ansvarleg

Klimavennleg energi og samfunnsviktig infrastruktur er berebjelkane i SKL. Ved i praksis å utvise samfunnsansvar og høg etisk standard skal SKL òg i framtida bidra til ei berekraftig utvikling av regionen. I denne særskilte rolla er det nødvendig og viktig for SKL å ha tillit og eit godt omdøme. Det stiller krav til kvar enkelt av oss og korleis me i det daglege opptrer i våre møte med kundar, forretningspartnarar, samfunn og kvarandre. Fokus på etikk og verdiar er då viktig, og gode levereglar gir tryggleik i dei val og situasjonar som me møter.

Etikk

SKL si verksemd skal bidra til berekraftig utvikling i høve til menneske, natur og kultur.

SKL stiller høge krav til etikk, tillit og respekt og all aktivitet skal byggje på samfunnsansvar, kundeorientering og løysingsfokus. Dei verdiane som skal kjenneteikne SKL er positiv veremåte, truverdigheit og lojalitet.

Positiv veremåte

Ein skal bli oppfatta som vennleg, hjelpsam, ærleg og oppmerksam, vise engasjement, ta ansvar for eiga utvikling, vise endringsvilje og bidra konstruktivt til å forme SKL si framtid.

Truverde

Ein skal vere ærleg, open og tydeleg, vise medmenneska tillit og respekt, informasjon skal vere sakleg, korrekt, objektiv og klår og ein skal vise høg etisk standard og ta avstand frå uetisk framferd.

Lojalitet

Ein skal vise lojalitet til avgjerder, for kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar. Dette skal vere ei rettesnor for alle tilsette i SKL og ei synleggjering for omverda kva me ynskjer at SKL som konsern skal stå for. Det skal motivere oss til innsats, styrke vår identitet og sikre at me framstår som eit samla selskap. For å tydeleggjere og konkretisere kva me meiner er god etisk framferd har me utforma etiske retningslinjer. Dei etiske retningslinjene gjeld for tilsette, leiarar og styremedlemmer i SKL.

Etiske retningslinjer i SKL

Omtanke

I SKL viser me omtanke for oss sjølv og kvarandre. Arbeid i SKL skal vere helsefremjande, og kvar og ein skal setje tryggleiken til seg sjølv og sine kollegaer først! Om ein tykkjer at tryggleiken ikkje blir ivaretatt skal ein sei ifrå. Alle er ansvarlege for å bidra til eit godt arbeidsmiljø. God skikk og bruk er ein del av vår kvardag og me tolererer ikkje mobbing, ulovleg diskriminering eller anna utilbørleg atferd.

Respekt for kvarandre

SKL har eit menneskesyn som seier at alle er like mykje verdt, og me respekterer kvarandre sine personlege eigenskapar og arbeidsoppgåver. Me er opptekne av at SKL som selskap skal lukkast med sine satsingar.

Miljø og kultur

Kvar enkelt tilsett utfører sine oppgåver med respekt for miljø og kultur. All SKL si verksemd skal bidra til berekraftig utvikling i høve til miljø og kultur.

SKL sin eigendom

SKL sin eigedom skal nyttast respektfullt og i tråd med gjeldande rutiner og reglar.

Teieplikt

Me respekterer og forheld oss lojalt til at me er forplikta til å verne om all konfidensiell informasjon, og heller ikkje misbruke denne. Teieplikta avgrensar ikkje den tilsette sin rett til å sei i frå om kritikkverdige forhold.

Lojalitet

Me er lojale mot SKL og til lover og regelverk. Me har ei meiningsutveksling som leier fram mot avgjerder, og er lojale til det som er fatta.

Omdømme

Kvar enkelt tilsett utfører sine oppgåver og opptrer utad på ein måte som gjer at det ikkje skader SKL sitt omdøme. Me er gode ambassadører for SKL i møte med omverda, anten det er i privat samanheng eller i samband med arbeidet me utfører som tilsett i SKL.

God forretningsskikk

God forretningsskikk i SKL inneber strenge krav til integritet og etikk. Me tolererer ingen form for korrupsjon, smøring og kvitvasking. Me opptrer på ein måte som er eigna til å styrke tilliten til at me er upartiske.

Gåver og representasjon

Me skal vere varsame i høve til å gi eller motta gåver, fordelar osb (forretningsgode), og konsekvent avstå frå mottak dersom det er eller kan vere eigna til å svekke vår integritet. Hyppigheiten, verdien og intensjonen bak forretningsgodet er eit viktig kriterium for vurderinga. Er intensjonen å utrykke ei takk eller vise nokon merksemd ved ulike høve, kan ei mindre gåve vere ein naturleg og fin gest. Deltaking på kurs, seminar eller andre arrangement skal vurderast etter fagleg innhald og relevans. Som hovudregel skal deltaking og reise betalast av SKL.

Råd og støtte

Kjem ein opp i vanskelege etiske problemstillingar skal den næraste leiar gi støtte og gode råd.

Konsekvensar av brot på etiske retningslinjer

Brot på våre etiske retningslinjer vil medføre reaksjonar.